COUNTRY/FOLK/BLUEGRASS
THE DERAILERS
Full Western Dress
Honky tonk med høg Buck Owens faktor, som også er med på ein av låtane. Ypperleg i bilen når du er på vei til Vinstra!
NEW RIDERS OF THE PURPLE SAGE
New Riders Of The Purple Sage
Country/Countryrock ikkje so ulikt The Byrds/Flying Burrito, med gjester som Jerry Garcia (Pedal steel/Banjo) og Commander Cody (Piano).Den beste! Høyr på songar som "Glendale train", "Dirty business" og "Last lonely eagle"! Sjekk også "Adventures For Panama Red"
ROBBIE FULKS
Country Love Songs
Berre for å ha sagt det, dette er ikkje ei samling av oppbrukte svisker! Detter er vakker country med artige tekstar som "She took a lot of pills (and died)",(She liked) every kind of music but country" osv.. Skriv alt sjølv. Sterkt anbefalt!
DALE WATSON
Chestin' Heart attack
Country artist med ei stemme som får deg til å tenkje på artistar som Johnny Cash, Buck Owens, Merle Haggard og Junior Brown. Dette er country slik det skal låte, med sterke 60 tals assosiasjonar og høgdepunkt som"South Of Round Rock, Texas", "Nashville Rash" og "Holes In The Wall".Check it out! Få også med deg "Truckin Sessions"!
DIVERSE ARTISTAR
Rhythm, Country And Blues
Denne cd'en består av duetter framført av countryartister og diverse blues/soul artistar. Her har du George Jones i duett med B.B.King, Little Richard og Tanya Tucker m.m. Ein liten genial sak.
THE MAVERICKS
What A Crying Shame
Rockabilly/country det verkeleg svinger av, med masse harmoniak sang. Kanskje mest for oss litt eldre? Her er høgdepunkt som "What a cryin' shame", "Oh what a thrill" og "I should have been true" Sjekk også ut dei andre bl.a "Music For All Occasions"
RANDY TRAVIS
Greatest Hits 1
Randy Travis var også ein av nykommerane på 80 talet. Nesten på grensa til å verte for pop dette også, men etter å ha lytta til det ei stund er det berre vakkert. Høyr på låtar som "Forever and ever, amen","Heroes and friends"og "Deeper then the holler" og du er frelst.
GENE CLARK
Roadmaster
Countryrock/Bluegrass slik berre Gene Clark gjer det. Eigentleg vanskeleg å sette i nokon bås. Gene Clark har alltid vore ein av mine favorittar, først og fremst pga sin unike stil og stemme. Midnight Choir legg ikkje skjul på si tilknytning til Clark, noko du vil oppdage når du har høyrt denne. KLASSIKAR!
AMAZING RHYTHM ACES
Stacked Deck/Too Stuffed To Jump
Endeleg ute på cd! Dette er mine store heltar innan country.Blanding av rhythm&blues, bluegrass,swing og country Eit band som står like sterkt i dag, og som fortsatt gir ut glimrande plater. Ingen kan synge ballader som Russel Smith. "Toucan Do It Too/Burning The Ballroom Down" er også ute i cd form. Må berre høyrast!
GEORGE JONES
My Very Spesial Guests
Må nok vedgå at ein artist som George Jones har vorte sterkt forsømt gjennom åra, so eigentleg kjenner eg ikkje so mykje til han, men her har han iallefall samla ein del forskjellige artistar som Elvis Costello, Waylon Jennings, James Taylor, Tammy Wynette, Emmylou Harris m.fl. Eg likar det, men "Will the circle be unbroken" bør fredast. Det er nok versjonar no!
GEORGE JONES
The Essential/The Spirit Of Country
Nesten nyanskaffa dobbel-cd, med det beste frå 1955 til 1988. Eit viktig dokument!
LUCINDA WILLIAMS
Lucinda Williams
Folk/country/blues-rock artisten med den særegne stemma, leverer her perler som "I just wanted to see you so bad", "The night's too long" og "Passionate kisses". Gi denne dama ein sjangs! I beste singer/songwriter stil. Få også med "Car Wheels On A Gravel Road"!!
DILLARD AND CLARK
The Fantastic Expedition/Through The Morning Through The Night
Country/Bluegrass frå Doug Dillard og Gene Clark. Her finn du noko av det beste Gene Clark har gjort gjennom tidene, med klassikere som "The radio song","She darked the sun" og "Train leaves here this morning". Dette er berre veldig bra, og begge platene er no ute på 1 cd.
BILL MORRISSEY
Inside
Singer/songwriter som kallar seg sjølv folksinger. Detter er nok ikkje direkte køntri, men kanskje ei musikalsk blanding av Susanne Vega og Nanci Griffith (?). Uansett er dette meget bra, ikkje minst tekstane. Sjekk ut "Gamblers blues", "Man from out of town" og "Robert Johnson". Råbra.
Prøv også ut "You'll Never Get To Heaven"!
BLUE HIGHWAY
Still Climbing Mountains
Her går det virkeleg unna i svingane.Dette er nyare bluegrass på høgt nivå. Ikkje so ulikt Desert Rose Band til tider. Sjekk ut "Monrobro","Riding the Danville pike" og "Union man" og du vil verte overbevist!!!
PETER ROWAN
Dust Bowl Children
Rowan har ei fortid i grupper som Bill Monroe & The Blue Grass Boys, Muleskinner, Old & In The Way m.m. Kom med sin første soloplate på slutten av 70talet. På dette albumet opptrer han åleine, og resultatet er lavmelt og vakkert. Skriv ellers det meste sjølv. Andre album som er verdt å merke seg er "All On A Rising Day" og "New Moon Rising".
RICKY SKAGGS
Sweet Temptation
Skaggs hadde sin første opptreden som fem-åring saman med Bill Monroe. To år seinare opptredde han på TV saman med Flatt & Scruggs. Som 15-åring vart han medlem i Ralph Stanley's bluegrass band.Dette er hans første soloalbum, og eit av dei beste. Ellers kan du sjekke ut "Country Gentlemen-Best Of" og "16 Biggest Hits" m.m. Ellers har han hatt ein tendens
til å gi ut litt for ujevne album.