COUNTRY/FOLK/BLUEGRASS

Tilbake

BEACON HILL BILLIES

Duffield Station

Denne cd'en veit eg ikkje om det er råd å finne i butikkane, då den er utgitt på ein privat label (East Side Digital, Minneapolis) i 1992, men bra er det iallefall. Bluegrass/Folk/Western Swing med små innslag av jazz, gjer dette til eit spennande prosjekt. 17 sterke melodiar. Kan linkast til grupper som Old And In The Way og Asleep At The Wheel. Vel verdt å leite etter!!

JIMMIE DALE GILMORE

Jimmie Dale Gilmore

Mannen med den spesielle og flotte stemma burde absolutt fått meir oppmerksomheit. Dette er Country/Honky Tonk/Roots musikk med peikarar til artistar som Joe Ely og Willie Nelson. "Dallas", "See the way" og "Beautiful rose" er songar som burde smelte eit kvart hjerte! Vakkert.. Anbefaler også andre og nyare utgivelsar, bl.a "Spinning Around The Sun"!!

LONGVIEW

Longview

Ei samling av store namn innan bluegrass/gospel med ei stor plate. Sjekk ut melodiar som "Brighter mansion", "I've never been so lonesome" og "Lonesome old home".Stor bluegrass!!

SWINGIN' ON THE STRINGS

The Speedy West & Jimmy Bryant Collection

Dette kan ta pusten frå alle og ein kvar. Speedy West er nok ein av tidenes største steel-gitaristar. Dette må berre opplevast, enkelt og greit!!!

SATURDAY NIGHT SHUFFLE

A Cellebration Of Merle Travis

Musikarar som Vassar Clements, Buddy Emmons, Chet Atkins og Jerry Douglas deltek på den tribute plata til mannen som står bak klassikere som "16 Tons", "Dark as a dungeon" og "Smoke!Smoke!Smoke (that sigarette)". Western Swing slik det skal låte. Veldig bra!

RIDERS IN THE SKY

Yodel The Cowboy Way

Vaskeekte cowboy musikk frå eit av dei største banda innan jodling. Dette er nok for dei spesiellt interesserte, men er uansett ei artig plate. Sjekk ut songar som "Thats how the yodel was born", "Back in the saddle again" og "Singing a song to the sky". Vakker musikk for godt lag!

RICHARD DOBSON & STATE OF THE HEART

Hearts And Rivers

Singer/songwriter som har levert songar blant anna til Nancy Griffith m.fl, men som har kome i skyggen av folk som Guy Clark og Townes Van Zandt. Fortjener absolutt ein sjangs. Sjekk ut "Texas river song", "No rolling stone" og "Old friends". OBS! 20 melodiar.

THE JOHNSON MOUNTAIN BOYS

Favorites

Country/Gospel/Bluegrass med peikarar til Ricky Scaggs m.fl. Tradisjonelt og vakkert. Sjekk ut sjølv!  

RIG ROCK DELUXE

A Musical Salute To The American Truck Drivers

Ja, som det går fram av tittelen er dette musikk for landevegen, med artistar som Steve Earle, Buck Owens, Shaver, Nick Lowe m.m. Dette er kjende songar tolka på deira eigen måte.Faktisk ei meget bra plate!! OBS: Kan medføre trafikkovertredelser, so tråkk varsomt på gasspedalen!! Kom også ei liknande i -93, kalla "Rig Rock Truck Stop", med meir ukjende artistar, men som absolutt er å anbefale!!

WAYNE HANCOCK

A-Town Blues

Dette må vere ein reinkarnasjon av Hank Williams. Dette er hans fjerde utgivelse. Country/Honky-tonk/Western Swing slik berre Hank gjorde det. Dette må berre opplevast!!

DEL McCOURY

A Deeper Shade Of Blue

Del McCoury har ei fortid i diverse bluegrassband frå 60 talet, som Bill Monroe's "Blue Grass Boys", "Virginia Mountainboys"m.m. Slo skikkeleg igjennom etter at Steve Earle brukte dei som backing-band på "The Mountain".Består for det meste av covere, som "If you got the money honey" (Lefty Frizzell) og "The bluest man in town"(Bill Monroe),men også sjølvkomponerte songar. Sjekk også ut "Don't Stop The Music" og "Blue Side Of Town". Up-tempo bluegrass!!

LARRY SPARKS

Classic Bluegrass

Tidlegare medlem av henholdsvis Stanley Brothers og The Lonesome Ramblers. Dette er ei samling med høgdepunkt frå 70 og 80 talet.Vert av kritikarar betegna som ein av dei største songarane innan bluegrass. Her finn du bluegrass-klassikere som "Roving gambler", Hank Williams "Six more miles" +++, framført slik kun Sparks kan det. 18 sterke spor. Sjekk også ut "Sings Hank Williams" . To store album!!

<<<<<

Musikk