COUNTRY/FOLK/BLUEGRASS
IRIS DEMENT
Infamous Angel
Hennar første utgivelse frå 1992. Ikkje so ulikt Nanci Griffith/Emmylou Harris. Skriv også det meste sjølv. Likar du dei, vil du garantert sette pris på denne!
NITTY GRITTY DIRT BAND
Will The Circle Be Unbroken
Nok eit meisterverk frå 70 talet. Dei fleste store bluegrassartistane var med på å lage dette uvurderlege dokumentet. Doc Watson, Earl Scruggs, Vassar Clements m.fl. No further comments. Bør befinne seg i alle heimar!
THE BYRDS
Sweethearts Of The Rodeo
Byrds einaste "reine" countryplate med sterk dominans av Gram Parsons. Her er tidlause songar som "Hickory Wind", "Pretty Boy Floyd" og Dylan's "You Ain't Going Nowhere" Sjølvsagt ein klassikar!
TULARE DUST
A Tribute To Merle Haggard
Store artistar gjer sine versjonar av Merles songar. Billy Joe Shaver, Iris Dement, Joe Ely, Dwight Yoakam, Rosie Flores m.fl. Spring og kjøp!
RETURN OF THE GRIEVOIUS ANGEL
A Tribute To Gram Parsons
Emmylou Harris byr inn til gilde.Her syng hun duettar med Chrissy Hynde, Beck og Cheryl Crow. Ellers: Whiskeytown, Wilco, Cowboy Junkies, Elvis Costello m.fl. Råbra!!
CONMEMEROTIVO
A Tribute To Gram Parsons
Ok, det vert mykje Parsons dette, men det er rett og slett nødvendig. Detter er ei samling med meir ukjende artistar, men er fullt på høgde med den andre.To forskjellige og to "Å so nødvendige"!
OLD AND IN THE WAY
Old And In The Way
Live plate frå Boarding House, San Francisco, 1973. Mest kjend for Jerry Garcia's (Grateful Dead) ikkje elektriske opptreden. Med Peter Rowan på vokal/gitar, Jerry Garcia banjo/vokal, David Grisman mandolin/vokal, Vassar Clemets fiolin og John Kahn bass.Favorittar: "Midnight Moonlight" og "Panama Red".Sjekk også ut "The High Lonesome Sound" og "Breakdown"!
CARL JACKSON & JOHN STARLING
Spring Training
Nok ei vakker bluegrass plate, med The Nash Ramblers som backing band og Emmylou Harris på gjestevokal.
JOHN PRINE
John Prine
Nok ein stor singer/songwriter som absolutt fortjener meir oppmerksomheit.Bortsett frå å gi ut ein drøss med flotte album, har han levert sangar til ein rekke andre artistar. Sjekk ut dei fleste av hans album, bl.a "Bruised Orange" !!
GUY CLARK
Old nr.1 & Texas Cookin'
Mannen som i følge seg sjølv gir ut plater når han har ti melodiar han er fornøgd med, noko som kan ta fleire år! Uansett er dette ein av dei store singer/songwriterane i selskap med Townes Van Zandt.Dette er dei to første albuma samla på 1 cd. Sjekk også ut "Old Friends"!!
THE SONGS OF JIMMY RODGERS
A Tribute
"The Father Of Country Music" vert hedra av artistar som Bob Dylan, Steve Earle, Van Morrison, Dwight Yoakam, Bono(!), Willie Nelson m.fl. Mykje bra!
JOHNNY CASH
At San Quentin
Ikkje so mykje å seie om denne plata, anna enn at det er ein klassiker og endeleg er ute i usensuret utgave saman med "Folsom Prison". Ellers har denne mannen gitt ut so mykje bra at eg veit rett og slett ikkje kva eg skal anbefale. Kjøp det meste!
JOHNNY CASH
Unchained
Studioalbum frå -96, med covere av Soundgarden (Rusty Cage!), Tom Petty (Southern Accents)og Beck (Rowboat)m.m. Beintøft!!
SHAVER
Tramp On Your Street
Far og sønn. Billy Joe og Eddie Shaver, Sistnevnte ein virtuos på gitar(Død 2001). Fekk oppleve dei "live" Down On The Farm, noko som sit igjen som ein av dei sterkaste konsertopplevingane. Dette er honky tonk ispedd gospel og gudane veit kva. Bra driv! Sjekk også andre utgivelsar frå 90 talet!
BILLY JOE SHAVER
Restless Wind:The Legendary
Samleplate frå 1973 til 1987.Nødvendig, med blinkskudd som "Old five and dimers like me","I'm just an old chunk of coal" og "A restless wind".
TOWNES VAN ZANDT
A Far Cry From Dead
Utgitt etter hans død. Originale vokal og gitar innspelingar som Eric Paul og Jeanene Van Zandt (kona) har teke med til studio og fiksa litt på, med stort hell. Resultatet er veldig bra og litt meir rocka enn vanleg.STORT!
TOWNES VAN ZANDT
Anthology 1968-1979
40 meisterverk samla på 2 cd'ar frå den største singer/songwriter gjennom tidene.Eg seier berre ein ting......KJØP!
DOC WATSON
The Vintage Years
Boks beståande av fire cd'ar der to er studioinnspelingar frå 1963 til og med 1968. Dei to andre består av diverse "live" innspelingar gjennom sekstitalet. Gjestar: Merle Travis, Merle Watson, Clint Howard og Fred Price. Ei stor samling frå verdens beste "finger/flat-picker"
FLATLANDERS
More A Legend Then A Band
Dette bandet vart stifta i 1971 av Jimmie Dale Gilmore som fekk med seg Butch Hancock og Joe Ely m.fl til Nashville og spelte inn plata "One Road More". Dette er ei artig plate, først og fremst på grunn av instrumenvalget, blant anna sterke innslag av "musical saws". Veldig bra!!!
FLATLANDERS
Now Again
Gjekk 30 år før oppfølgaren kom, og den skuffa ikkje. Sjølvsagt er det eit meir moderne lydbilde, men umiskjennelig Flatlanders. Har med seg "musical saw" her også, sjølv om den er vanskeligare å oppdage. Stor!!!
JERRY DOUGLAS
Slide Rules
Ein av verdens beste dobro-/gitaristar, med ei plate som inneheld meir vokal enn dei forrige.Ved hjelp av store artistar som Stuart Duncan, Allison Krauss, Maura O'Connel m.fl har han her levert det mest interessante albumet etter min meining.Dette er berre ein nytelse, enkelt og greit.
DAVID OLNEY
Roses
Townes Van Zandt hadde stor respekt for denne singer/songwriteren, som også var ein god venn. Dette er heller ikkje ulikt Townes, utan at ein kan beskylde han for plagiat. Høyr berre på perler som "Lean and hungry years" ,"Last fair deal" og "Roses". Enormt.