COUNTRY/FOLK/BLUEGRASS

1. 2. 3. 4. 5.

HANK WILLIAMS

The Original Singles Collection

Om du ikkje har anskaffa deg noko av Hank Williams, har denne boksa det meste. Her er samtlige singlar han har gitt ut samla på 3 cd'ar.Upåklageleg lyd, og sterkt nødvendig.

JERRY DOUGLAS AND PETER ROWAN

Yonder

Stort album frå to drevne bluegrass-artistar. Jerry: Dobro og Weissenborn gitar. Peter:Vokal, gitar og mandolin.Vakkert,vakkert

.

NANCI GRIFFITH

Last Of The True Believers

Hennar store gjennombrudd, iallefall her i landet. Med songar som "St.Olavs Gate" (Tom Russels hyllest til Oslo) og "Last of the true believers" var ho for alvor inne i varmen. Er nok eit av hennar beste.Utgitt i 1986.

NANCI GRIFFITH

Other Voices Other Rooms

Her tek hun føre seg songar av artistar som har betydd mykje for henne, bla. Bob Dylan, John Prine,Townes Van Zandt,Woody Guthrie m.fl. Gjesteartistar: Arlo Guthrie,Bob Dylan, John Prine, Guy Clark, Chet Atkins m.fl. Ein einaste stor nytelse!

.

LYLE LOVETT

Pontiac

Ein av dei som kom med storm på 80 talet. Country og Western-swing om ein annan. Favorittar er "If I had a boat" og "L.A.County". Skriv alt sjølv.

LYLE LOVETT

Step Inside This House

Mange meiner dette var ei unødvendig plate, men uansett er det bra. Gjer sine covere av artistar som Eric Taylor (Nanci Griffiths eks.mann), Townes Van Zandt, Guy Clark m.fl. Ei riktig so vakker plate! Basta!

JUNIOR BROWN

12 Shades Of Brown 

Mannen som oppfann sin eigen doubleneck steel gitar (Guitsteel) og som speler god tradisjonell country med sin spesielle sound. Kryssning mellom Willie Nelson , Johnny Cash, og Asleep At The Wheel. Dette er tøft . Sjekk også ut "Guit With It" !!!

RUN C &W

Into The Twangy-First Century

Russel Smith (Amazing Rhythm Aces)og Bernie Leadon (Eagles) spelar Rhythm and Bluegrass under pseudonymet Burns Brothers, og tek seg av gamle soul/rhythm&blues klassikere som "Walking the dog" og "In the midnight hour"pluss sin eigen flotte parodi på den tidlegare landeplaga "Achy breaky heart" under tittelen "Itchy twitchy spot". Bøttevis med humor og veldig bra!

WILLIE NELSON

Very Best Of Willie Nelson

Ikkje so mykje å seie om denne heller. Skal du anskaffe deg noko av det beste Willie Nelson har gjort gjennom tidene, bør du satse på denne."City of New Orleans"m.fl

SELDOM SCENE

The Best Of The Seldom Scene 

70 talets største bluegrass band. Masse "harmonic vocal" av John Starling og John Duffey + diverse gjesteartistar. Eit møst for bluegrass fans! Syns personleg Seldom Scene var best med John Starling i stallen. Få med deg "Act 1", "Act 2" og "The New Seldom Scene Album" også.Stort!!!

LEFTY FRIZZELL

The Best Of

Inspirert av Jimmie Rodgers og Hank Williams. Hadde ein del hits på 50 talet med blant anna "If you got the money I got the time" og "Always late (with your kisses)". I ettertid er Hank Williams mest kjend for sine songar, medan Lefty er mest kjent for sin klesstil. Ikkje so rart når du ser på coveret kanskje?

HAL KETCHUM

Past The Point Of Rescue

Ok, dette er heilt på grensa til å verte for pop, men melodiar som "Past the point of rescue", (Kanskje betre kjend her til lands som "Krasafarin steinbu" med Hellbellies),"I miss my Mary" og "Small town saturday night"gjer denne plata absolutt høyrbar!

.

MERLE HAGGARD

Down Every Road

4 cd boks med det beste frå 1963 til 1994. 

Her er det du treng. Rett og slett!

BUCK OWENS

The Collection1959-1990 

3 cd boks med veldig få dødpunkt. Eit møst for dei som likar honky tonk. 

Var nesten ikkje klar over kor mykje bra denne mannen hadde gjort før eg 

kjøpte denne boksa. Kjøp før det er for seint!!!!

<<<. .>>>

Musikk