70talet

1.2.3

******

.

DUANE ALLMAN

Anthology

Anthology Volume II

Historisk dokument 1. Frå Duane's samarbeid med bl.a Derek And The Dominoes "Layla", Wilson Pickett og hans eminente versjon av Beatles "Hey Jude"(Beste Beatles cover nokon gong?!), The Hourglass og sjølvsagt Allman Brothers. Meget bra og sterkt nødvendig!!

Historisk dokument 2. Dette er nok meir som ei restesamling. og ikkje fullt på høgde med den første, men bør befinne seg i ei kvar sørstats-samling. Mykje av dei same artistane som går igjen, men har du den første, må du ha denne også. Basta.

JANIS JOPLIN

Pearl

Jenta med den raspande, flotte stemma, som sjølvsagt måtte gå bort so alt for tidleg, har her gitt ut eit album som virkeleg lever opp til tittelen. Her får du "Me and Bobby McGee", "Merzedes Benz" og "Move over". Nok eit rock dokument.

.

LYNYRD SKYNYRD

Box Set

Trengs ikkje so mange kommentarar her. Om du ikkje skulle ha noko Skynyrd frå før, bør du kjøpe denne. Her får du det meste av det beste + litt til!!

LYNYRD SKYNYRD

Second Helping

Min absolutte favoritt, med perler som "The ballad of Curtis Loew", "Call me the breeze" og "Sweet home Alabama". Sørstats-rockens kongar!

ROXY MUSIC

Country Life

Roxy Music var først og fremst Bryan Ferry, med si særegne stemme gjorde han dette til eit av dei største rockebanda frå England på 70-80 talet.Art-pop/Rock'n roll med sterke innslag av strykarar. Høgdepunkta er mange, men "The thrill of it all";"All I want is you" og "Prairie rose" er store. Eit møst!!! Sjekk også ut dei andre frå 70 talet pluss "Avalon" frå 82.

STEPPENWOLF

Born To Be Wild-Retrospective

Jupp.. eg likte Steppenwolf eg, og vil med dette opplyse at dei leverte andre songar enn "Born to be wild". Her får du ballader som "Tenderness"; "Snowblind friend" samt rock'n roll som "Magic carpet ride" og "The pusher"m.m. Sjekk den ut!

.

WARREN ZEVON

Excitable Boy 

Zevon påstod hardnakka at han ikkje kunne hugse noko av denne utgivelsen, etter som han ei tid drakk 3 flasker vodka pr dag.Likevel er dette det beste albumet han har gitt ut, so kanskje han skulle forsett med vodka? Her er høgdepunkta mange: "Werewolfs of London", "Excitable boy", "Roland the Headless Thompsons gunner" m.m.  

WARREN ZEVON

I'll Sleep When I'm Dead

CD-box

Samling av det beste, pluss diverse outtakes samt litt frå samarbeidet med REM (Hindu Love Gods). For dei som ikkje har fått nok.

OUTLAWS

Green Gras High Tides-Best Of

Country-rock ala Marshall Tucker Band/Doobie Brothers. Ga ut 3-4 bra plater, men havna i same fella som mange andre på slutten av 70 talet, og forsvann ut av livet mitt, men songar som "Freeborn man","Song in the breeze" og "Stay with me" fortjener oppmerksomheit!

ROLLING STONES

Sticky Fingers 

Min definitive favoritt. Ellers var ikkje Stones so store i mine augo på 70 talet. "Oppdaga" dei eigentleg ikkje før "Angie" havna på hit listene i 73, men det gjekk mange år etter det før eg kjøpte den første Stones-plata.Var nok mange fans som vart sjokkert over denne, med countryballader som "Wild Horses", Og "Dead flowers". Bør absolutt sjekkast! STOR!!

CAT STEVENS

Teaser And The Firecat 

Denne har også ei historisk betydning, då dette var første plata eg kjøpte for eigne pengar, men er ikkje dermed sagt at plata er dårleg, for det er ho slett ikkje."Morning has broken" herja lenge på hit listene, samtidig som plata inneheld klassikere som "Moonshadow", "Changes IV" og "Peace train".Gi denne ein sjangs!

.

LITTLE FEAT

Hotcakes & Outtakes

4-cd samling, forma som ei bok, som tek for seg det meste. Her får du også den meir psykedeliske sida av Lowell George, med 60tals bandet Lowell George & The Factory o.s.v.Uvurderlig!!

LITTLE FEAT

Sailin' Shoes 

Country/Jazz/R&B/Rock band stifta av Lowell George i 1970 med sin største hit "Willin'"72. Men her er også blinkskudd som "Easy to slip","All that you dream" og "sailin' shoes". Sjekk også ut "Waiting For Colombus", lydmessig eit av dei beste live-albuma frå 70 talet!

TALKING HEADS

77'

Eit av dei sprøaste banda frå slutten av 70 talet, kan faktisk minne litt om tidleg 10 CC kontra Neil Young. Høgdepunkt er "Psycho killer"og "Pulled up". Sjekk også "Fear Of Music" og "Remain In Light"

EAGLES

On The Border

Eagles har nok ikkje same heltestatusen i dag som dei hadde på 70 talet, men denne plata syns eg fortjener litt blest.Først og fremst pga. songar som "Midnight flyer" og Tom Waits coveren "Ol'55". Bra plate!

.

LED ZEPPELIN

4 Compact-disc Set

Ja, dette er eigentleg eit "Må Ha" for alle som kun har Zeppelin på Lp. Her er det beste samla + "Hey, hey what can I do" som kun kom ut på singel, samt diverse anna snacks.

LED ZEPPELIN

Houses Of The Holy

Mitt første Zeppelin album, og fortsatt min favoritt. Med songar som "No Quarter", "Over the hills and far away"og "The crunge" var dette spennande greier, men sjekk også ut "Zeppelin IV" . To klassiske album!

BRUCE SPRINGSTEEN

Darkness On The Edge Of Town 

Hans absolutt beste plate, og kanskje mest dystre. Eg mista nok tråden etter denne utgivelsen, bortsett frå "Tunnel Of Love" frå 87,men han laga tross alt ein del bra på 70 talet.Favorittar er "Darkness on the edge of town", "Factory" og "Badlands". Nok eit klassisk album.

ZZ TOP

Sixpack 

Dette er nok mest for dei som vil anskaffe seg dei 6 første albuma til ZZ Top, for dette er rett og slett ei samlig beståande av "ZZ Top's First Album", "Rio Grande Mud", "Tres Hombres","Fandango", "Tejas" og "El Loco". Ellers bør "Eliminator" ha ein plass i hylla. Boogie-rock deluxe!

10CC

How Dare You?

10CC slo igjennom med hitsingelen "I'm Not In Love" frå "Original Soundtrack i -75, men personleg har eg "How Dare You?" som favoritt. Var ganske spesiellt dette med masse harmoniar og tidvis nesten pompøse arrangement. Masse humor i tekstane, som kjem fram i låtar som "I'm Mandy Fly Me", "I Wanna Rule The World" og "Art For Art Sake".

NAZARETH

Razamanaz

Ikkje so mykje å seie om denne, bortsett frå at det er den eine av 2 album som er verdt å ha med Nazareth. Var faktisk ein del countryelement i musikken deira på denne tida. Høyr berre "Broken down angel". Ellers er "ALcatraz" og "Bad,bad boy" verdt å merke seg.

STATUS QUO

Piledriver

Skal du anskaffe deg noke av Status Quo, treng du berre ei plate. Tregreps boogierock, med bl.a cover av The Doors "Roadhouse blues". Ellers er "Big fat mama" og "Unspoken words" verdt å merke seg.

DR. HOOK

Revisited

Enkelt og greit ei samling frå den humoristiske perioda, med låtar som "Sylvias Mother", "Cover of the Rolling Sone" m.m. Kjekt å ha.

TOM PETTY & THE HEARTBREAKERS

Damn The Torpedoes

Tom Petty var nok ein av dei som fekk mindre oppmerksomheit enn han fortjente på 70talet. Ga ut 3 plater dette tiåret, og samtlige er verdt å merke seg. "Refugee" var vel meir eller mindre ein hit, men låtar som "Here comes my girl" og "Louisiana rain" er også store. Meget bra plate!!!

THE BYRDS

Box Set

Ingen vidare kommentar her. Dette må du berre ha. The Byrd's historie samla på 3 cd'ar.

Musikk