70-talet
BOB DYLAN
Biograph
Trippel cd, med diverse tidlegare utgitte/uutgitte spor frå 1962 til 1985. Ei stor samling!!! KJØP!!!
BOB DYLAN
The Bootleg Series Vol 1-3
Når du høyrer ordet bootleg, får du asossiasjonar til dårleg lyd, men her er ingenting å frykte.Dette er stort sett sangar som har samla seg opp gjennom 30 år, men aldri er blitt utgitt.Dette er skrekkelig bra, med bl.a "Farewell Angelina".KJØP!!!
BOB DYLAN
Blood On The Tracks
Plata som gjorde at eg vart hekta, og som sjølvsagt fortjener klassiker-stempelet.Her er høgdepunkt på løpande bånd, med bl.a "Tangled up in blue"; "Simple twist of fate", "Idiot wind" og "Lily, Rosemary an the jack of hearts".KJØP!
I SHALL BE UNRELEASED
Tribute to Bob Dylan
Samling av dei eldste Dylan covera, med blant andre, Rod Stewart, Manfred Mann, Johnny Cash, Rick Nelson m.fl .+3 av nyare dato med bl.a "Blind Willie McTell" framført av Dream Syndicate.
Kjekt å ha!
MOTORHEAD
Ace Of Spades
Dei tøffaste gutane i klassa! Dette var heavy rock slik me aldri hadde høyrt det før, med Lemmy's karakteristiske whiskey-stemme, rått og brutalt. Klassiker med høgdepunkt som "Ace of spades", "Jailbait" og "Love me like a reptile". Eit sjølvsagt album for dei som likar litt "trøkk"!
PATTI SMITH
Easter
The Queen Of Rock'n Roll såg ikkje akkurat ut som den friskaste jenta i klassa, men du verden, dette var rock'n roll slik det (nesten) aldri hadde vore tolka av ei kvinne. Med høgdepunkt som "Bacause the night"(Smith/Springsteen), "Rock'n roll nigger"og "Easter" er dette ein klassiker! Sjekk også "Horses" og "Wave".
BLACK SABBATH
Paranoid
Dette var skikkeleg tøffe greier, og med Ozzie's karakteristiske stemme fekk heavy-rock ein heilt ny dimensjon."War pigs";"Paranoid" og "Iron man" fekk deg til å fryse på ryggen. Sabbath ga faktisk ut mykje bra på 70 talet, so sjekk dei andre utgivelsane også.
MANFRED MANN'S EARTH BAND
The Roaring Silence
Kjøpte denne plata først og fremst pga "Blinded by the light", som var ein stor hit i 76-77. Desse har nok aldri vore dei heilt store i mine øyrer, men denne er verdt ei gjennomlytting.Andre høgdepunkt er "Road to Babylon" og "Questions".
KATE BUSH
The Kick Inside
Kvinna med den lyse, barnslige stemma havna på hit listene med "Wuthering heights" i 78. Dette var eksotisk. Blanding av musical og pop/rock, med høgdepunkt som "Moving", "Room for the life"og sjølvsagt "Wuthering heights". Få også med deg andre utgivelsar frå denne dama!!
ERIC CLAPTON
461 Ocean Boulevard
Claptons beste. Blues/Rock med slagere som "Motherless children", cover av Bob Marley's "I Shot the sheriff" og "Let it grow". Skal du kjøpe ei Clapton cd, er dette den du bør ha!
J J CALE
The Very Best Of
Mannen som har levert songar til bl.a Clapton( "After midnight"), Lynyrd Skynyrd("Call me the breeze")m.fl, og som temmeleg ufortjent har komt i skuggen av desse. Laidback rhythm&lues, med perler som, i tillegg til overståande,"Cocaine", "Lies" og "Crazy mama". Etter min meining betre enn Clapton.
RY COODER
Chicken Skin Music
Ry Cooder har alltid vore forskande i musikk, og dette er ikkje noko unntak. Her er country/Tex mex/R&B med sterke innslag av diverse steel-gitarer og Flaco Jimenez på trekkspel. Veldig bra!
Lån også eit øyre til "In to the purple valley" (-72)!!
DIRE STRAITS
Dire Straits
"Sultans of swing" gjekk rett i fletta då eg høyrde den. Med Mark Knopfler's "Dylan/Cale" aktige måte å syngje på, måtte eg sjølvsagt ha denne plata og likar den fortsatt godt. Andre godbitar er "Setting me up"og "Down on the waterline".
CROSBY, STILLS, NASH AND YOUNG
Deja' vu
Denne plata vart nok først og fremst hugsa for sitt skinn-cover, som etter kvart vart eit samleobjekt, men det er også ei bra plate, med klassikere som "Country girl", "Helpless" og "Teach your children".
NEIL YOUNG
Comes A Time
Kanskje den mest "Country" plata han ga ut på 70 talet, med gjestar som J J Cale og Nicolette Larson pluss.pluss..Høgdepunkt: "Comes a time", "Motorcycle mama","Four strong winds" og "Field of opportunity". Nok eit møst!
NEIL YOUNG
Decade
I utgangspunktet ei trippel-lp med det beste frå 1966-1976 + ein del raritetar.Noko alle fans med meir eller mindre respekt for seg sjølv bør ha!
NEIL YOUNG
Harvest
Knytter seg eit spesiellt minne til dette albumet. Fekk pengar av ei gamal tante til å kjøpe 2 plater i julegave.
so den 23 desember 1972 sat me og høyrde på denne då dei på TV kunne rapportere om flystyrten i Asker.
Her finn du slagere som "Heart of gold", "Old man" og "Out on the weekend". Stor!!
JETHRO TULL
Aqualung
Engelsk folk/rock band med fløytist Ian Anderson i spissen der hans fløytespel var tidvis dominerande. Kan til tider minne om Cat Stevens/ Fairport Convention. Høgdepunkt: "Aqualung", "Cross eyed Mary" og "Cheap day return". Klassiker!
DEREK AND THE DOMINOES
Layla
Duane Allman og Eric Clapton stod bak dette dobbel-albumet i 1970.Dette er blues-rock på høgt plan, med schlagers som "Bell bottom blues","Layla" og "Keep on growing".Gitaronani i fleng!
COWBOY
Reach For The Sky
Country-rock i same gate som tidleg Eagles og Pure Prairie League.Masse harmoniar . Sjekk ut "Song of love and peace", "Livin' in the country" og "Use your situation". Klassiker!!!
SANTANA
Abraxas
Har nok aldri vore den heilt store fan'en av Carlos Santana, men med perler som "Samba Pati" og "Black magic woman", som forøvrig var ei landeplage på begynnelsen av 70 talet er denne vel verdt pengane.
MARC BOLAN & T.REX
Bolan Boogie
Glamrockens far kan ein vel trygt kalle denne mannen, som for meg var større enn Bowie
på 70-talet. Dette er meir eller mindre ei samling av tidleg Bolan og Tyrannusaurus Rex.
Her finn du perler som "Jeepster","Get it on","Summertime blues" og den 5 min. lange (rockeoperaen) "Raw Ramp" m.m. Ei stor plate, men er usikker på om denne er utgitt på cd.
ROD STEWART
Atlantic Crossing
Rod Stewart var stor på 60 og deler av 70 talet, men etter denne var det slutt for min del, sjølv om eg fulgte han vidare eit stykke inn i 80 talet. Det er her du finn hans største hit nokon sinne. "Sailing" gjekk som ein farsott på slutten av 70-talet, og ballader vart etter kvart hans kjennemerke. Ellers "I don't want to talk about it" og "This old heart of mine" veldig populære.Sjekk utgivelsane han hadde på slutten av 60 og begynnelsen på 70 talet, som "Every Picture Tells A Story", og "Gasolin Alley", Alle store album.