Uver.
 
Det stormar ute
Katten, den skinnfilla
ligg innerst i kråa
fresande og livredd
medan vinden aukar på
og lyna flyg over himmelen
Han brøler rundt husnovene
vinden
som ein rasande okse går han laus
på takskjegget
riv og slit so ein skulle tru  det er dommedag
Kan ikkje påstå eg likar meg
eg heller
det er noko gufse og kaldt
over dette rabalderet
som gir meg gåsehud
over heile kroppen
Dei få stakkarslege håra
eg har igjen på haudet
røyser seg ende opp
strittar
Nei, eg må ha meg ein til
for å roe nervane liksom
Nede på fjorden står sjødrevet
i alle retningar
Dei tunge skyene som ruver over fjella
har noko faretruande over seg
Uhygga ålar seg som ein giftslange
over golvet
buktar seg opp etter stolryggen
til ho ligg der og pustar meg
i nakken
Dreg korka av flaska
Handa som held glaset skjelv
ikkje mykje
men nok til at eg reiser meg
dreg gardinene for glaset
og låser alle dører
som fører ut i dette vonde
Flyttar stolen bort i kråa
til katten
pakkar nervane inn i eit ullteppe
i eit forsøk
på å slappe av
Skjelv litt enno
Nei, eg må nok ha meg ein til.