Ugla.
 
Ugla er ein snodig skapning
Det å være paddeflat
i trynet
må no være temmeleg upraktisk
for dei som skal fyke
Eg meinar...
fins ikkje logikk i noko
slikt
Skal du fyke i dag
må du være aerodynamisk
ergo må du ha
eit spisst tryne
og ein sylslank kropp
ikkje rund og flattryna
Kva nytte gjer ho eigentleg
ugla
bortsett frå å ete småkryp?
Ingen
spør du meg
Enten sit ho i ei gran
like utanfor glaset
der eg skal sove
eller so sit ho på skorsteinen
og held meg vaken
heile natta
med dei vederstyggelege lydane sine
slik at eg vert morgongretten
uopplagd
og eit uhyre på jobb
Då eg ikkje har noko våpen
kan eg ikkje godt skyte henne
heller
Ok
kastar no av og til stein
og støvlar
men dei går som regel i hytt og pine
utan særleg nytte
Ho berre sit der
nautet
Skal vedde på ho stel støvlane mine
også
har ikkje funne igjen halvparten enno
men steinane
dei let ho ligge, beistet
Må vel leve med dette
Kanskje stryk ho med
av utmattelse
eller elde ein vakker dag?!
Vel..
det går litt betre no
når eg brukar øyreproppar
men
dei heslege lydane
verkar å ha lagra seg der inne
i bakhaudet
for dei er aldri heilt borte.