Tjukkemegga.
 
Like stor som premiekviga
til grannen
og styggare enn styggen sjølv
kom ho vraltande etter vegen
Me trollungane
låg alltid på lur
bak gjerdet
avventande, smånervøse
men alltid klare til dyst
«Tjukkemegga, tjukkemegga!»
«fin deg ein stut, finn deg ein stut!»
Dei ellers smårosa kjakane
vart kvite av harme
og me kunne nesten høyre det knake
når ho knytte nevane
men ho sa aldri noko
berre vralta vidare
Slik gjekk åra
gong etter gong låg me der
«Tjukkemegga, tjukkemegga!»
Brått ein dag var ho borte
og me såg henne aldri meir
På bygda gjekk rykta om galehus
men ingen var heilt sikre
Me trollungane
sakna henne voldsomt
Sjølv no
i godt voksen alder
tek me turen
bortom gjerdet
i håp
om at ho ein dag
vil dukke opp igjen.