Teksas
Den rame lukta
frå gjødselkjellaren
gjorde meg kvalm
Faen til plass
å stå å vente
fraus gjorde eg
også
hakka tenner
Då dei endeleg
dukka opp
bak fjøsen
var det like før
eg skaut meg
Neglene var som
isbroddar
grepet rundt geværkolben
var ikkje som
det skulle være
ikkje humøret
heller
Samla oss kring
ei dårleg lommelykt
eit kart
og biletet av
dei tre personane
Dei såg stygge
ut, bøvlane
Bygdas bastardar
innflyttarar
nyleg komt til
bygda
med eit hovmod
ingen av oss
kunne meistre
Derfor måtte
dei døy
Den vesle
saloonen
var like borti høgget
smått med folk
og eit heslig
interiør
men dei var der
like innanfor døra
med ryggen til
«A piece of shit» kviskra eg
Ga tegn til dei
sju andre
to i posisjon
ved døra
to ved glaset
medan resten
skulle ta dei i bakhald
Den første kula
traff meg
i tinningen med
eit ekkelt
«splæsj»
Brått hagla det
med kuler
rundt oss
Dei tre
personane sat der
urørlege
Kulene trengde
seg inn i kroppane våre
frå alle kantar
me var
sjanselause
alle hadde dødelege
treff
Banna stilt inni
meg
då eg såg høydottane
stikke fram
under kleda
på dei fiktive
kroppane
Bøvlane kraup
fram
frå
skjulestadane
Med brei beinføring
hendene i sida
og rungande
seiersrop
var dei innanfor
dei godkjendes
terskel
Eg byrja sakte
å telje til hundre.