Tre sveler.
 
Hadde berre tre sveler igjen
då eg såg naboen kome stigande
over plenen
Helsike!
Dette var andre gongen
siste halvåret
han kom på besøk
når eg endeleg hadde laga noko godt
Er sikker på at den tufsen
kunne lukte det
men denne gongen skulle han søren
ikkje få noko
Slengde svelene
saman med sukker og smør
under stolen
før eg la meg på sofaen
Då han banka på døra
såg eg innmari sjuk ut
kveste eit spakt
«kom inn»
«Å beklager» kom det fårete
«er du dårleg?»
Hadde lyst til å gje han ein
på trynet
«Ja, det er sikkert influensa
ho er visst temmeleg hard denne gongen»
Det sløve blikket såg ut til å
overbevise
for han stoppa i døra
«Eg lurte berre på om du kunne låne meg
litt kaffe
du skjønar att butikken var stengt
då eg......
Harmen steig i meg
No igjen?!
Var det ikkje det han ville sist også?
Hugsa ikkje heilt
men samme faen
Sette meg opp
slo neven i bordet so kaffikoppen velta
«Eg har vel faen ikkje noko kaffe!»
skreik eg
«no er eg pokker so lei dette maset
om alltid å skulle låne noko
eg er no for svarte ikkje nokon fordømt
lånehai heller!»
«Jammen» stotra han
var passe bleik no
«det er over eit halvår sidan sist eg lånte noko
og det har du fått igjen for lenge sidan!»
Han snudde seg og gjekk
surpadda
Då han forsvann rundt hjørnet
fiska eg fram svelene
lente meg godt tilbake
og venta på at
den verste mettheitsfølelsen
skulle gi seg.