Ein sumar.
Det
var den sumaren eg fylde ti
eg
hugsa aller best
for
det var den sumaren
det
skjedde ingenting
Den
sumaren eg fylde tolv derimot
skjedde
det mykje
men
det meste har eg gløymt
Kan
hugse at det var den sumaren
far
min skar seg i fingeren
Kan
også hugse at han blødde fælt
og
at han skreik
som
ein stukken gris
Far
min skreik alltid som
ein
stukken gris
når
noko gjekk gale
Mor
mi var alltid på pletten
med
bandasjer
og
eit trøystande ord
Det
var alltid ho som ringde etter sjukebil
rørleggar
eller
kva det no måtte være
Slik
gjekk sumrane
slag
i slag
Det
skjedde vel alltid noko
men
eg hugsa lite
bortsett
frå den sumaren
eg
fylde ti då.