Stillheit
Fjernsynet har gått til helsike
....igjen
Den nakne firkanten
der det ein gong stod
gapar imot meg
Har sege alt for langt ned i stolen
klarer fan ikkje kome meg opp igjen
men gir blanke
Her er ingen verdens ting å finne på
likevel
og so i kveld som det er fotballkamp
og allting
Den skitne raudvinskaggen
står framleis der eg sette han
i går
like bak reolen
Kanskje vel tidleg
klokka viser berre halv elleve
ikkje har eg ete noko heller             
må iallfall vente til etter middagen
Med eit litt lysare syn
på livet
karrar eg meg opp av stolen
blar litt i platebunken
men slår oppgitt ut med armane
Berre drit!
At det går an å ha ei slik samling
med berre drit!
Tungsinnet legg seg igjen
Radioen
«Alle tiders blinkskudd»
musikk for åndssvake!
Petre er berre kvæsing
det same kan det vere
berre drit der også
som regel
Det er stilt i stova igjen
berre den tidvis oppgidde stønninga
frå sofaen
bryt stillheita.