Som salt i eit ope sår. Været var fint det slik fint vær pleier å vera den dagen som for all framtid skal fylle dagane mine med traumar Markane låg doggfriske og skitgrå med små grøne plettar her og der medan fuglane eller var det englane? song høgt der oppe ein stad og alt anda ro og fred Låg langflat langs sadelen på den nye Apache-sykkelen Med høgste gir innkopla og eit speedometer som nerma seg trettifem kilometer i timen var eg overmåte lukkeleg Det var då redslane byrja Skvatt slik at eg mest køyrde av vegen for like foran oss stod dei alle syklistars skrekk breidbeinte med hendene i sida og såg hånleg på oss medan kjakane jobba iherdig med tyggegummien Hadde aldri sett dei før men ryktet var spredd vide so eg fekk frysningar då det gjekk opp for meg kven det var Tvangsgutane og Farris var ute med rampestrekane sine igjen! Merka at hjartet slo litt raskare men prøvde å halde meg roleg Farris den verste og truleg den eldste av dei hadde opparbeid seg ei voldsom tyggegummi-boble som brått small som eit børseskot "Mamma!" skreik eg inni meg "Mamma!" Ynskte brått eg var heime trygt inne blant husets fire veggar i ly for all vondskap og utanomhuslege redslar Gaute kameraten min var like ved å breste i gråt slik som vanleg var når han ikkje følte seg komfortabel Må nok vedgå at trivselen ikkje var særleg stor hjå meg heller Prøvde å svelge klumpen eg hadde i halsen snudde meg mot Gaute og kviskra lavt "No stikk me!" Han nikka iherdig tørka vekk ei tåre før han kasta seg på sykkelen og trødde i veg med meg hakk i hel Trekløveret kom halsande etter på dei hårete tohjulingane sine "Snabeltissar!" ropte dei "Ølkaggar!" "Hedningar frå jødeland!!" Dei grusome skjellsorda sveid som salt i eit ope sår "Ølkaggar!" "Snabeltissar!" "Hedningar frå jødeland!" Hånsorda hagla over oss der me trødde for livet og kanskje litt til heseblesande og ville i augo med ei tunge som smaka av blod "Kom an!" ropte eg "dei sakkar akterut!" Og sant nok Då me starta på bakkane ned mot bygda hadde dei stansa på ei snue Me hadde greid det! Gleda var overveldande då me endeleg fekk puste ut "Ya-hoo!" ropte eg og viste fingeren etter dei då dei forsvann bak ein sving Følte meg brått bråkjekk "Det var no mi snarrådighet å takke at me i det heile tatt slapp unna!" sa eg trøstande til Gaute der me sat og kvilte ut på mjølkerampen Jauda han var einig han og tørka bort dei siste tårene Etter det sykla eg som ein riddarleg beskyttar bak han dei siste to hundre meterane heimover Men, den dag i dag ligg skjellsorda der inne ein stad i bakhaudet og rir meg som ei mare for aldri heilt å forsvinne ...... Den som låste seg inne den kvelden var eg det ja, eg sykkelen min og alle dei svarte tankane.