Ut av reiret.
 
Var på vitjing hjå vener
av kongeslekta
var for første gong ute
på tur
Etter tredve år i ein
innestengd dal
følte eg meg meir som ein fugl
i eit bur
 
Lengta sterkt etter livet
der ute
fjernt frå villmark og
meterhøg snø
derfor pakka eg sekken ein
godlynt dag
sette kursen mot
sommar og sjø
 
Hadde aldri sett hav
møte himmelen
hadde aldri kjent lukta
av tang
hadde aldri set båra
slå skummande
og frådande inn
over land
 
Følte glede når stormane
rasa
men også otte når natta
seig på
då gøymde eg hovudet godt
under dyna
og høyrde hjarte mitt
banke og slå
 
Etter veker i endelaus
lykke
kom dagen med gråt
og farvel
eg vende heim igjen
til skogen og dalen
under dei mektige
snøkledde fjell
 
No er eg helselaus
gamal og krokut
ein liten stakar
i kjedsommelegheit
sit på trappa og ser
over fjellet
bort frå ei gledeslaus
virkelegheit.