Promille
Skitvatnet
frå alle
slagholene
som skvatt over
frontruta
gjorde sikta
uklar og vanskeleg
Hadde store
vanskar
med å fokusere
blikket
derfor brukte eg
berre eine auget
til å sikte med
langs den
krokute grusvegen
Nattas
heidundrande kalas
hadde nok ikkje
slept taket
Brukte heile
vegen
og vel so det
Dei hyppige møta
med grøfta
var ubehagelege
Hadde sikkert
punktert
bilen var noko
vinglete
drog voldsomt
til eine sida
Den kvikksølvaktige
haudepina
gjorde meg
anspent
herja mest bak
eine auget
Fy fan for ein
dritsekk!
Hugsa brått den
hissige diskusjonen
det spontane
raseriutbrotet
kjøkkenservicet
knust til
pinneved
Flukta
Dei rasande
utbrota
Knyttneven som råka
meg midt i pannebrasken
Dei frosne
fingrane då eg vakna
Bilen som ikkje
var låst
Svingen kom brått
på
Treet møtte oss
(meg og bilen)
med voldsom
kraft
Såg berre
konturane av rattstamma
då alt vart
svart
Det var lite
medkjensle å spore
hjå den
uniformerte politimannen
som etter kvart
greidde å riste liv i meg