Paranoia.
 
Hadde haudet fullt av stein
og ein tung følelse
nederst i magegropa
etter tre kjappe
då meldinga nådde meg
over mobilen
Skvatt himmelhøgt
av dei kraftige pipetonane
Lettare skjelven
fekk eg fram budskapet
"Dra til helvete, pornogris!"
Fire ord
ord eg ikkje fann meining i
då uvener
var utelukka
det var eg temmeleg sikker på
Kjende ikkje nummeret heller
var iallefall ikkje blant
dei fem
eg hadde liggande inne
Pornogris?
Einaste tilgong eg hadde til porno
var via eldgamle
Aktuell rapport!?
Huff!!
Utan forvarsel
kom skjelven
hadde vanskar med å føre
halvliteren
til munnen
Var det kanskje
likevel
ein der ute
som ikkje likte meg
og derfor ville meg vondt?
Kanskje var dette den spede
starten
på eit terrorhelvete
av dimensjonar?!
Slo kjapt av mobilen
tok ikkje sjansen på fleire
obskøne meldingar
Resten av halvliteren
måtte stå igjen
Såg meg stadig tilbake
der eg hasta bortover gata
Tanken på folk som
Salman Rushdie
som måtte leve eit liv
i isolasjon
streifa meg
då ferga la frå kai.