På kne.
Ei sumarkåt
grashoppe fer med
sterile sprett
bortetter enga
der blomane står
duknakka og grå
pæsande etter
luft
Meitemarken ligg
svidd og grå
i ein uttørka sølepytt
sleikjer seg
kring dei hovne leppene
prøver gråte
ein skvett
Medan migemauren
sleper bakenden etter seg
som ein halvfull
kondom
ligg buormen på
lur bak ein stein
og ventar på
betre tider
Ei tid var og ei
anna vart
sukkar
tordivelen
der han ligg
halvdaud i solsteiken
med knuste
venger
Ei humle surrar
i halvsvime
mellom dei visne
grasstråa
nede ved bekken
der frosken ligg
og rapar
i ein
hallusinasjon
hinsides sunn
fornuft
Sola står
blodraud og ilsken på himmelen
ho har makt over
vind og regn
ein opplevelse
eg hadde
ein søndagsmorgon
på kne i ei
blomstereng.