Naboguten.
Den fordømte møkkaungen
no er han etter
meg igjen!
Kvar morgon
når eg skal på
jobb
ligg han der
bak gjerdet
med nevane fulle
av småstein
og den vesle
skallen proppfull
av alskens vonde
tankar
Ein vakker dag
kjem eg til å
rive armane av han
slik at han
ikkje kan kaste fleire steinar
etter nokon som
helst
Det roar meg
dette
tanken på hevn
men eg har god
tid
Den dagen han
byrjar i skulen
skal eg stå
klar
utanfor gjerdet
og vente.