På motsatt side.
Der
på motsatt side
av vegen
det er der eg høyrer
heime
Der graset er so
høgt
at det skjuler
alle dei illeluktande blomane
som står og
heng i vegkanten
og lokkar til
seg ufordragelege insekt
av ymse slag
Der bjørka står
lut og gråbrun
med nakne
greiner
Der fuglane
forlengst har forsvunne
tjafsete og
utmagra
Der vinden
alltid
bles imot
Ja, der
på motsatt side
av vegen
det er der eg høyrer
heime.