Morgon.
Ein
aller helvetes morgen og vakne opp på
er
potte sur allereie før eg stig ut or senga
flekken
på Levisbuksa gjer ikkje humøret betre
Er
faen ikkje råd å få reine klede heller lenger
Dei
andre buksene er ikkje råd å bruke
då
dei har mista litt av fargen
I
rein frustrasjon riv eg bestebuksa
av
kleshengaren
No
skal dei jaggu meg få sjå
kor
dårleg stelt det er med meg
Tunga
smakar sursild
dei
mange flokane i håret
er
nesten umuleg å få vekk
til
og med dei vakre tennene
som
eg er so stolt av
har
fått eit gustengult skjær
Etter
nitidig pussing
seier
eg meg passe fornøgd
og
ser fram til ein god kopp kaffi
Skuffelsen
er stor når eg står på kjøkenet
med
koppen klar
"Har
de ikkje kokt kaffi ein gong!"
gaular
eg
"har
ikkje de vore so pass lenge oppe
at
de kunne passe på å ha kaffien klar
fordømte
daudottar!?"
Er
forbanna no
skikkeleg
forbanna
Høyrer
eit eller anna gå i golvet
då
eg slenger døra igjen bak meg
Turen
ned trappa
held
på å ende i forferdelse
eller
det som verre er
Trakkar
feil i det andre trenet
like
før eg går på trynet
ned
dei siste tolv
men
klarer meg på eit vis
"Gje
eg hadde ramla!"
tenkjer
eg
når
eg er nedkomen
"so
kanskje dei må innsjå
kor
dumme dei har vore
som
ikkje tek betre vare på meg
Kanskje
dei til og med måtte ha køyrt meg
på
sjukehus
med
alvorlege skader!?"
Overbevist
om deira dårlege samvet
legg
eg meg furten på sofaen
Metallica
durer i bakgrunnen
ganske
høgt
veit
dei kan merke det opp
No
ventar eg berre på at mor skal kome
med
nytrekt kaffi
og
alskens unnskyldningar
men
eg skal være hard
beinhard
Den
svake gråten
følgjer
meg inn i ein uroleg søvn