Makaronifolket.
Innerst i hjørnet
like bak reolen
bur dei
makaronifolket
eit stort sett
roleg folkeslag
men av og til
skeiar dei ut
Då byrjar dagen
med sanselaus
drikking
skyhøg musikk
pluss eit og
anna blodig
slagsmål
Etterpå dansar
dei og står i
køyrer rundt i
dei hårete
bilane sine
i dritfylla
medan
makaronidamene
hyler av vellyst
So snart festen
er over
er dei borte
berre ein og
annen støvdått
ligg igjen
som eit minne.