Krambua.
 
Den kalde septemberkvelden
beit meg i øyret
Vinden hadde snudd
var nærast lunefull
Jaggu hadde eg gjort det!
Gleda låg som ei varm kjelde
inni meg
For nokre kronidiotar!
Hjelpelause stod dei der
skjelvande
utan å løfte ein finger
«Feigingar!» hadde eg skreke
«fordømte degospakk!»
Då eg drog på meg buksa
hadde eg vist ræva
til alle dei geistlige
inne på krambua
Hadde trykt bakenden opp etter ruta
vist fingeren
og skreke enden er nær
fleire gongar
Hevnen smaka jordbær der eg vandra i ørska
nede ved havna
Ingen skulle få nekte meg
å handle på krita
gong etter gong
ustraffa.