Idyll (eller slik det ein gong var).
 
Etter uværsdagar og nattefrost
kjem dagar med glede og sol
Dagar som osar av sorglaus idyll
med rikeleg alkohol
Ein ghettoblaster og førti Prince
har det meste av det me treng
me slår oss ned
med eit par kasser pils
i ei fargerik blomstereng
....
Etter elleve pils og ein pakke røyk
er humøret igjen på topp
berre ein liten tanke ligg kvilelaus
den at me ikkje har nok
Ei kasse til kunne gjera seg
for å ride på sikker grunn
ingen nedtur
får øydelegge stemninga
i slik ei salig stund
....
Etter lang diskusjon men lite gjort
kjem me fram til at so må skje
minst ei kasse til er naudsynt
for at sjela vår skal få fred
Me sender avgårde sjåføren vår
med ei grei og enkel beskjed
idet me kolvar oss
ut i graset
og tankane flyg av sted
....
Etter timar som føltest som lange år
med eit dalande humør
går me kvilelaust vandrande rundt omkring
og ventar på vår sjåfør
Etter mangt eit sukk og ei stille bøn
kjem han susande rundt ein sving
me ventar i spenning
på utfallet
vart det klaff eller ingenting?
....
To fingrar i været, eit jubelbrus
me har sikra oss nok ein gong                                         
slutt på sytinga no, berre glade rop
og ein svingande seierssong
Kvelden er redda, natta er ung
musikken er passe rå
Ein lukkeleg gjeng
utan hemningar
fryktar aldri dagen derpå.