I glaskarmen.
 
Eg er pottesur
sit i glaskarmen
knip blada av ei plante
Fisk i dag igjen!
Dette er tredje gongen denne veka
at eg vert servert ein eller annan
fiskerett
Høna rundar hjørnet
idet planta er bladlaus
hakkar litt i grusen
som om der skulle være noko
å hakke etter
og går vidare
ser surt etter henne
Og so steikt sild då!
Eg som hatar steikt sild!
Høna stoppar
snur seg
gløttar nysgjerrig opp mot glaset
Tanken kjem som ei haglsorpe
grilla høne
ville ikkje være å forakte!
I eit øyeblikks snev av
sinnsforvirrelse
kyler eg blomsterpotta
etter henne
Marginane er ikkje på mi side
kreket forsvinn
i vill flukt
bortetter tunet
Tuslar surmulen ut
på kjøkenet
Lukta av steikt sild
legg ein dempar
over middagsbordet
der me et i stillheit.