Gamal.
 
Er so innmari redd
for å bli gamal
Angsten la seg rundt hjarterota
då eg brått vakna ein dag
og oppdaga
at eg hadde passert dei førti
utan dei heilt store opplevingane
Kva dag som helst
kan ryggen begynne å krumme seg
ledda begynne å svikte
åreknutar både her og der
Kanskje får eg Alzheimer før eg veit
ordet av det
eller kanskje den allereie ligg der
og murrar
oppe i hjerna ein stad
Har no oppdaga at eg gløymer
oftare enn før
at konsentrasjonen ikkje er
slik den ein gong var
Heilsenil før eg er femti!?
Med slevet hengande i taumar
under den slappe haka?
Med nedsatt taleevne
og ukontrollerte utbrudd
frøser eg folk i andletet?
Kanskje vert eg pervers!
Kanskje vert eg gåande gatelangs
viftande med testiklane
i hytt og pine
medan eg slengjer obskøne
bemerkningar
etter folk flest?
Kanskje etter folk eg kjenner
eller har kjent heile livet!
Kanskje havnar eg på institusjon
iført pyjamas
med ekstra lange ermar
der dei dopar meg ned
fireogtjue timar i døgnet
for å unngå noko leven
Kanskje let eg håret grå
og anlegg hentesveis!
Vert ikkje kvitt denne redselen
derfor søv eg minst muleg
og gjer minst muleg dagane
for ikkje å slite meg ut
men kan ikkje unngå å sjå
den lette skjelvinga i handa
når eg skal løfte kaffikoppen