Den framande.
Borti
bakken ligg ein mann
i
ein rar positur
han
er merkeleg blå i fjeset
Det
er eit einaste virvar
av
armar og bein
og
håret er temmeleg grese
Der
har han lege no
i
uminneleg tid
medan
flugene surrar og flyg
eg
har ikkje mot til å vekkje fyren
til
det er eg altfor blyg
So
no ligg han der berre og blånar
medan
sola går opp og ned
Eg
tykkjer han ser noko medteken ut
men
let han få kvile i fred.