I fjøsen.
Dagros, det
nautet
sparka til meg i
dag
då eg skulle mjølke
henne
Skreik over meg
av smerte
der eg låg
halvt ihjelsparka
i ei kurue
Skjellsorda
hagla
Dette var takka
for all den sure mjølka
eg hadde drege
or henne
Dette var takka
for alt slitet
eg hadde hatt
kvar sumar og
haust
med å slå gras
og anna rusk
slik at ho
skulle få ei god vinter
på båsen
Utakknemlege
beist!
Derfor skal eg
leve godt no
nokre månader
framover
Den første kjøtgryta
står allereie
klar
over komfyren.