Dasslåkjet.
"Helsike!"
enno fire minutt igjen
Var so pissatrengd
at eg heldt på å daude!
kunne ikkje stikke av frå kassa
heller!
Sjølvsagt var det ingen
av desse
so kalla
arbeidskameratane mine
som kunne møte opp
litt før dei skulle
Neida
Dei måtte helst kome
nokre minutt over
for so å klage seg over
det helvetet dei har vore i gjennom
for å kome seg på jobb
Om timar i uendelege køar
Trafikkaos,trafikkaos
og atter trafikkaos
men dei er flinke til å beregne
Det vert alltid desse små minutta
over
Kvar gong eg opplever dette
bestemmer eg meg for å
kome for seint
neste dag
Men kvar ettermiddag
står eg klar
med matpakken i handa
og ventar på den same T-bana
som skal køyre meg
den same ruta
ned til stortinget
og som gjer at eg er på jobb
ti til femten minutt
før vaktskifte
og som igjen resulterar i
at eg sender den andre heim
lenge før han eigentleg skal
Men OK...
eg trivst i jobben min
Kunne faktisk aldri
tenkje meg noko anna
men det er ein ting
som irriterar meg.
No har dei teke tre kroner
for å pisse
so lenge eg kan hugse
Kva om dei la på til tre femti
so kanskje det vanka
ein femtiøring
i drinks
i ny og ne?!