Dagen derpå
 
«Berre et grauten din du
og hald kjeft»
Den voldsomme hostekula
reiv som knivar
der eg sto tvikroka over vasken
Det svingande humøret
bakrusen
og vissheita om at eg var blakk
gjorde sjølvsagt ikkje dagen noko betre
«Til pass åt deg»
«kanskje du ein gong skal lære
du også!»
Den spydige tonen fekk meg til å sjå raudt
«Kvar er brødet du skulle kjøpe
forresten?»
«og surmjølka?»
Ho var verkeleg på offensiven no
førkja
gneid seg i dei utvaska hendene
storkosa seg
Den andre hostekula var verre
«Eg gje no meg faen i surmjølka!»
Desse helsikes ferdigrøykane
«host»
«og brødet også!»
«Dra deg ut og handle litt sjølv
før du rotnar opp her inne!»
Hadde brått pustevanskar
Det surkla og peip noko inderleg
nedi der
«Du kan i det minste kome deg ut
viss du skal spy!»
Harmen steig i meg
Svaret kom aldri lenger enn
til tunga
for brått banka det på døra
Utanfor stod naboen og stanka fisk
som vanleg
«Goddag, er Magda heime?
«Ja, ho er vel inne ein stad» svara eg
surt
Fordømte gratass
prøvde seg stadig
berre dumt for han at
søstra mi ikkje kan fordra fisk
Den ellers fine morgonen
la ikkje nokon dempar på det dårlege humøret
som no gjekk mot nye høgder
Får berre håpe eg får kredit
tenkte eg
då den helsikes bjella over døra
i butikken
skar i øyregangane.