Bygdas
skrekk.
Dei
sat på glidekanten
Tok
ein pust i bakken
dei
tre jentene
med
kvar sin sparkstytting
Såg
dei då dei runda svingen
nede
ved krambua
Sixpencen,
tyggegummien
og
dei nye pilotbrillene
var
på plass
då
eg steig ut i vegbana
«Jasså
tausaflokser!» buldra eg
«på
handletur for mamsen?!»
Dei
skvatt himmelhøgt
«Få
sjå kva som er i handleposane
og
det litt faderleg fort
ellers
vert det juling å få!»
Gjorde
meg bøs, ru i stemma
Bleike
og skjelvande sende dei over varene
Kaviar,
Blenda, Kveitemjøl......
«Kvar
er snopet?!» skreik eg
«kom
ikkje her og fortel at de ikkje har snopa!»
Mette,
den yngste var heilt på gråten
«Me
fekk ikkje lov» stotra ho
«mamma
sa at det kunne være farleg
og
at....»
«Jasså
du, farleg?» braut eg av
«og
kvifor kunne det være farleg då?»
«På
grunn av deg», kom det spakt
Kunne
nesten spegle meg i den botnlause redselen
i
augo deira
Alle
frykta meg, unge som vaksne
Denne
vissheita styrkja meg
«Sjå
no her, førkjer
korleis
det går når eg ikkje får det som eg vil!»
Plasserte
kaviartuba under hælen og klemde til
mosa
den ned i snøen
«Din
ekling» hiksta Mette
«eg
skal seie det til ho mamma!»
«Ja,
prøv deg berre!» trua eg
og
viste dei det kvite i knokane
Følte
meg nesten trygg på at dei ikkje ville seie noko
«og
hugs det» avslutta eg
«neste
gong kjøper de snop!»
Tyggegummien
virka brått litt for stor
då
eg såg dei forsvinne over bakketoppen
Følte
meg ikkje heilt vel
heller
litt småsjuk
Var
det på tide å gje seg no?
Kanskje
tida var komen til å tre inn i dei vaksnes rekkjer?
Grubla
litt over det
då
eg snudde nasa heimover
Det
var tross alt berre to år til eg fylde tredve
men
langt der inne ein stad visste eg at
neste
dag ville eg igjen stå på lur under grana
ventande
Kva
skulle eg ellers finne på?
Småsjuka
var borte då eg steig inn i varmen
der
mor mi hadde klar nysteikte bollar med brunost
og
nykokt kakao.