Bussen og eg.
 
Er åleine
på bussen
Bussen og eg  har lagt Stryn bak oss
og er på veg mot ei framtid
som kanskje er  full av glede
eller full av mørke redslar
og eg drikk
Skrur toppa av den andre halvflaska
Innhaldet frå den første
varmar mjukt der nede
ventande
Det var magen som var  årsaka
til at eg begynte å drikke
Hadde slik ei inderleg uro i meg
so då dyret tok livet av sommarfuglane
var det berre å gje seg
flaska i vold
Føler meg bra no
stor på ein måte
Eg smiler
tanken på framtida og kva den no måtte bringe
ligg berre og kviler
bak i nakken ein stad
Med Bob Marley i øyret
og eit fandenivoldsk humør
er eg brått i eit med bussen
der me rullar
mot ei framtid
som kanskje er usikker
men som ikkje plagar meg lenger.
 
Tilbake