Billy The Kid.
 
Kvilte haudet mot ein stein
Pulsen var enno i hundreogti
men kunne endeleg slappe av
Eg hadde klart det!
Det var ingen som kom etter!
Bygda var so vidt synleg
langt der nede
i tåka
Kun lyden av ein bil
ellers ingenting
Inga gneldring frå sporhundane
eg hadde frykta
inga roping frå rasande folk
Fiska fram termosen
svart, gloheit kaffi
Pornobladet eg hadde tjuvlånt
frå bror min
låg nederst i sekken
Måtte kike litt i det
før eg  konsentrerte meg om "byttet"
Ti Prince Mild
med filter og greier
som eg hadde stole
på butikken
utan at nokon såg det!
Fytte grøss!
Fjerna varsamt plasten
plasserte sigaretten
mellom leppene
Det sitra litt i kroppen
men isinga i ryggrada fekk meg til
å hive etter pusten
"Nei han so inn i nå svartaste!"
Eg hadde gløymt fyr!
Fyrstikkeøskja låg igjen på soveromet!
Mismodet la seg over skuldrane
eller kvar det no måtte vere
"Tenk om dei likevel hadde oppdaga det?!"
"Kanskje stod politiet og venta
til eg kom heim?!"
"Og kva med presten?!"
"Kva om han nekta å konfirmere meg?!"
Var ikkje langt unna den store skjelven
då eg pakka saman
og trakka råsa nedover
Fekk ein uggen smak i kjeften
då eg kom til å tenkje på familia
alle kompisane
alle åra eg kanskje måtte tilbringe
bak murane
og sist men ikkje minst all sladderen
dei nådelause blikka
Mørket senka seg over meg
idet eg tok steget
ut i fortapelsen.
 
Tilbake