Belsebub.
Svart natt
ingen måne kastar lys
over den lute skikkelsen
Kun lyden av dei hæse andedraga
bryt stillheita
der han luskar gjennom graset
Er passe anspent
smånervøs
kikar seg stadig over skuldra
Følelsen av ubehag
er nærverande
men hjerna er klar
Oppdraget skal utførast
til punkt og prikke
koste kva det koste vil
Stansar på hjørnet
tek eit siste overblikk
Ikkje teikn til liv
(skulle forresten berre mangle)
Skrur korka av kanna
lyttar
stilt som i grava
Smyg seg langs veggen
dynkar veggane med innhaldet
men får brått ein følelse
av at noko er riv ruskande galt
Idet elden brer seg langs veggen
ser han at bygninga er av stein
Stein, stein og atter stein
Dei blå flammene lyser opp skikkelsen
eit øyeblikk
før dei sloknar
Motlaus står han der
med den tome kanna
ser med eit at livet heromkring
er håplaust
Sparkar til ei gravstøtte
før han traskar nedbroten heimover
med vissheita hengande over seg
Det er dødfødt å være satanist
i Volda.
Tilbake