Barfly.
Like før klokka
slo ti den kvelden
sa det berre
pang
og eg rava
hjelpelaus rundt
i dei
drikkefeldiges runddans
utestengd frå
alle saklege
diskusjonar
med ei tunge som
krølla seg
kvar gong eg
skulle seie noko
eg meinte var
glupt
Dei fleste skar
unna
so snart eg nærma
meg
livredd den
ravande ganga
og dei
ukontrollerte bevegelsane
Det var då det
rann meg
i hjarte
det var rett og
slett ingen
som likte meg!
Sjølvmedkjensla
kom rullande
som ein
kampestein
råka meg i
mageregionen
so eg reint
miste pusten
Gud betre
eg var åleine
blant ulvar,
hyenar!
Kampesteinen låg
brått
på skuldrane
Tufset og bleik
sette eg kurs
for døra
men idet eg
skulle late ho att
rann det ein
liten djevel
i meg
Eg snudde meg
viste fingeren
til alle
«Dette er siste
gong Dykk ser meg
fordømte
lurvepakk!»
skreik eg
«eg skal aldri
sette min fot
her meir!»
Slengde døra og
gjekk
storleg imponert
over mi eiga
handlekraft.
Tilbake