Ein arbeidsmann.
"Jasså!
det er her Dykk sit?!
latsabbar!
Er det ikkje snart på tide
å klappe igjen brø-boksa
og prøve å finne Dykk
ein jobb?!"
Merkar at eg frøser
"Det står ikkje i nokon fordømt
paragraf
at det er me "Vellykka"
som skal halde Dykk med pengar!
Sjølv om Dykk er ganske tette i pappen
er det ikkje dermed sagt
at Dykk skal sleppe unna
alt mannfolkarbeid!
Noko måtte vel trygdekontoret
kunne bruke Dykk til!?
Men neida!"
Var godt i gong no
"Dykk sit her
med hendene i fanget
og tek gladeleg imot
Har vel einebolig og svær bil
i garasjen
alle som ein?!
Nei, fytti felå
er det anna å vente
at verda går til helsike
når slike slabbedaskar får ture omkring
og leve fætt på oss skattebetalarar!?
Eg gir ikkje fem flate øre
for slike som Dykk!
Tvi vere!!"
Hadde sett dei i augekroken
idet dei var i ferd med
å krysse gata
so eg fann ut at her var det best
å trekkje seg unna
Kneiste med nakkjen
då eg snudde meg og gjekk
Vel over gata såg eg dei tre jentene
trille mennene avgårde.
"Phuu.."
var jammen godt å få ut
litt frustrasjon
Treng å distansere meg frå jobben
dei dagane eg har fri
Etter tredve år
ved ei stansemaskin
vert du litt sliten i knollen!
Etter eit par traumatiske opplevelsar
med eit par uteliggarar
fann eg ut at folk
i rullestol
ikkje hadde same mulegheita
til å ta igjen
Er iallefall sikker på å ikkje
få juling
då!
Tilbake