Oppdatert den 2 juni 2003
***
Då dette stort sett er tidlegare uskrevne ord, er eg usikker på skrivemåten, men uttalen har eg sett i parantes. Ein del av desse ord og uttrykk kjem nok utanfrå, men uansett er det meir og meir sjeldan du høyrer dei. Personleg meinar eg at det er ein del av den særnorske dialekta, og bør derfor takast vare på, men det er ikkje dermed sagt at dei må brukast. Nokon kan nok finne ein del av dei vulgære, men dette var rett og slett ord me vaks opp med, og som har lege bevart i underbevisstheita.  Då eg starta med dette, hadde eg rundt ti ord eg hugsa veldig godt, men etter kvart dukka det opp fleire og fleire, so til slutt vart det nesten ein besettelse. Dette er det eg har kome med hittil, men trur det finns mange fleire der ute ein stad, so kjem Dykk på noko, ver so snill og send det til meg, men hugs, det bør helst vere frå Dalsfjorden og omegn! Er også litt usikker på kva enkelte ord betyr, men om nokon skulle vere ueinig, må Dykk berre seie ifrå!:)

Tilbake    
 
A.
Abakeleg = Om det å bu utanfor allfarveg. Ho bur (A-ba-keleg) til.
Avskafteleg = Voldsomt,veldig (Av-skaff-te-leg)
B.
Bellje = Strigråte, brøle (Ka du bell-ja ette?!)
Bleikfeite = Om ein som er bleik og feit, enkelt og greitt:)
Blåfråse = Om det å ha frose skikkeleg (Ej va heilt blå-frås-e)
Blåstøde = Slapseføre (Blå-stø-dæ)
Bolldre = Ei som pratar høgt (Å du for ei boll-dre)
Brandalskokk, Å gå = Gå feil veg ned ein stige
Breikjæft = Breiflabb
Brising = Bål (Bris-ing)
Brudullje = Bråk, slåsskamp m.m (Bru-dull-je)
Bryttje = Vere hardfør, handtere ting skjødeslaust (Brytt-je)
Bræde = Cover, bokomslag
Bråthest = Om ein som er fæl til å øydelegge ting (Bråt-hest)
Burugle = Ei som er høgrøsta, likar å prate ( Bur-ogg-le)
D.
Daddissa = Bryst (Ei dame med store dadd-issa:)
Dassfadder = Brukt når to gjekk i lag på toalettet. (Sagt ironisk til den eine: Jasså, skal du vere dass-fadder?)
Daudeblod = Størkna blod under huda, som når du evt. slår deg på tommelen med ein hammar
Deigete = Oppføre seg uanstendig, fjollete(Å vere deig-ete)
Deigrau = Tjukk og lat person (Deig-rau)
Disse = Skjelve, riste, vibrere (F.eks dissande daddisa:)
Dondre = Ei kraftig/tjukk dame(Steik før ei donn-dre!)
Drethål = Om ei som trur ho er noko (Dret-hål)
Dritarenj = Dass (Ej må på drit-ar-enj)
Dronnte = Å vere treg (ka du dronn-ta med!)
Druse = Brukt som kallenavn om tjukke kvinnfolk, men også om å slå til folk (Ei dru-se og Ej dru-se dej, Ej dru-ste til nå)
Dure = Brukt om maskiner som bråkar, og om folk som køyrer forbi i full fart (Han durte forbi)
Dæmmle = Drikke mykje og fort (Dæmm-le i seg)
E.
Einerødæ = Tett buskas av einer (Eine-rø-dæ)
Eiste = Tufs, idiot (Eis-tæ)
Eitel = Ein som er stirrig eller vanskeleg (Du æ mej litt av ein eit-el)
F.
Falske-Judas = Ja, det seier vel seg sjølv. Ein som slett ikkje er til å stole på
Fantestykkje = Gjere ugagn
Farr = Ka du seie, farr?
Fingje = Om det å ikkje ha noko ein kanskje skulle hatt (Det æ no litt fin-gje å ikkje ha nåke)
Fiskjæring = Kinaputt (Fis-kjæring)
Fjase = Tøyse, tulle
Fjelgt = Varmt
Fjuske = Jukse (Fjus-kæ med trykk på fjus)
Fjuskepave = Juksepave
Flan(e)/Flanehaud = Om ein person du meinar oppfører seg dumt (Flane-haud)
Floding = Ei regnskur (No kjem det ein rejdige flod-ing)
Flokkse = Om kvinnfolk som dyrkar uteliv og menn m.m (Flokk-se)
Flottenfeiar = Staselseg kar (Flotten-fei-ar) Litt usikker her, også usikker på kvar det kjem ifrå...
Flågvet = Sarkastisk om ein som veit betre enn du sjølv (Flåg-vet)
Flåsete = Seie mykje rart. Vere travel
Fongen = Fang (Du må kome og sette deg oppi fon-gen-et mitt)
Frette = Spørre, søkje sladder (Frett-e)
Fråss = Hann-katt
Fulæ = Sinte (Fu-læ)
Førkje = Eit fælt kvinnfolk (For ei førr-kje!)
Fårefingje = Brukt om kattungar som er uvørne, som fær over alt (Fåre-fin-gje)...er litt usikker her..
G.
Gamperaua = Ja..........(So inn i gampe-rau-a)
Gap = Tufs, dumming m.m.(Legge trykk på Ga)
Gapehaud = Same som overforståande, men mest om hunn-kjønn (Gape-haud)
Giddaløyse = Ein som driv dank (Før ei gidda-løy-se!)
Gjeis = Eim, lukt (Det kom ein gjeis...)
Gnaur = Ein som aldri vert fornøgd, eller har støv på hjerna
Gneke = Gni, evt.stryke eller vere litt for kosete (Han gneka seg oppette henne)
Grammelus = Om ein som klagar seg mykje
Grapeis = Kåting, rett og slett (Gra-peis)
Grautolv = Tufs, idiot, kløne m.m.(Graut-olv)
Greinalause = Hugse dårleg, gløyme (Han æ heilt greina-laus-e)
Grynnje = Om det å vere tom i haudet (Han æ heilt grynn-je)
Gut-hyn = Liten gut
Gårande sjuke/Gårsjuke = Når du er skikkeleg sjuk, enkelt og greit (Går-ande og går-sjuke)
Gårsøkkande late = Når du er veldig lat (Han æ no går-søkk-ande lat-e!)
H.
Ha makk i raua = Om folk som ikkje klarar å sete i ro
Heimale' = Om ein som trivst best heime. (Heim-a-le' med trykk på a-le)
He'kje tida = Har ikkje tid/Kan ikkje ("Nei veit du also, ej he-kje tid-a!")
Heng ikkje på greip = Det e so gale at det heng ikkje på greip
Hermekråke = Om folk som som hermar etter andre, f.eks i klesveien (Herme-krå-ke)
Hespetred = Også om utidige kvinnfolk. (Uttalast Hespe-trejd)
Hestefrelsar = Skjellsord, men veit ikkje heilt betydninga av det (Din heste-frel-sar!)
Hestepeis = Tufs, idiot m.m (Hesste-peis)
Hin dagje = Dagen etter, (Han kom ikkje før hin dagje)
Hæknehond = Gniar (Hæk-ne-hond)
Hækjen = Gnien (Å vere hæ-kjen)
Hæseblæsande = I full fart, kome springande (Hæse-blæ-san-de)
Høyre/Haure jete = Høyre rykte om
Håddu = Lett banneord, mest brukt av kristne (Hådd-u)
Håggande like = Vere lik ein kvan både i sinn og skinn
Hår ikkje ette = Hugsa ikkje. (Nei det hår ej also ikkje ette)
Hårglømsk = Hugse dårleg (Nei no he ej also vorte so hår-gløm-skje!)
Hårre heite ded = Tja...... eit banneord ( med ekstra trykk på ded)
Hårsåre = Om ein som lett tek seg nær av ting (No må'kje du vere so hår-så-re)
Håselestå = Gå rundt utan sko, i strømpene (Ej går berre i håse-lest-å)
I.
I jaftes = I går kveld
Inkje = Ingenting (Han he lite og in-kje)
Inna-i = Innanfor (dvs. retning innover, f.eks inna-i huset)
Inst = Innerst
Issa då = Huff (Iss-a då, med trykk på då)
J.
Jasegjeit = Eigentleg eit kallenavn på haren, men syns personleg det gjer seg som navn på travle, masete personar også.(Uttalast jase-jeit, med trykk på j )
Jaseveir = Dårleg evt. ustabilt vær
Jitterbugg = Det gamlekara meinte om rock'n roll (Ka ditta æ slags jitter-bugg?!)
Jubbersdag = Fødselsdag (jubb-ers-dag)
Jyggr = Skjellsord om kvinnfolk, med trykk på ygg. ( For ei jygg-r!) Veit ikkje kva det betyr.
Jålegjeit = Om kvinnfolk som likar å sminke/pynte seg. (Jåle-jeit)
Jålebokk = Om menn som likar å pynte seg. Sminke seg også for den del:)
K.
Ka du sa no ? = Kva sa du no?
Kaldsnekje = I ferd med å verte kaldt / småkaldt (No æ det kald-sne-kje)
Kammar = Lort (Mest brukt som skjelsord med trykk på Kamm)
Kaule = Slåsskamp
Kjelle = Kvinnfolk (Ka du er for ei kjellje?)
Kjokkemegge = Grovt kallenamn på overvektige kvinnfolk
Kjurkne = Når ein set noko i halsen (Det var like før eg kjur-kna)
Kjære Kjirkje Folk = Du store alpakka. ( med trykk på Kjir-kje)
Kjærteljøs = Stearinlys (Kjærte-ljøs)
Kjønnja = Tjernet, f.eks Skrobbenes-kjønnja
Kjøyse = Både eit skjelsord og tilnavn på hunn-katt (Kjøy-se med trykk på Kjøy)
Kleimete = Vere pågåande, kosete  (Kleim-et-e)
Klivre = Klatre, balansere.(Kliv-re)
Klondr = Om ein med ti tommeltottar (Klon-dr)
Klur = Same som ovanfor
Knosske/Knossk = Uttrykk om å gi ein unge masse kjærtegn (Knoss-ke)
Knød = Også om ein med ti tommeltottar
Koffte = Når ein oppdagar det er tung luft i eit rom. (Ja,her va det koff-te!)
Kokke = Drite, med trykk på o(Kokk-e)
Kokkelure = Gå rundt og tenkje, evt.sture (Ka du går og kokke-lu-ra ette?)
Kongelvev = Spindelvev
Konnkje = Ein person som orkar lite (uttalast KonnKje)
Konnte = Navn på det kvinnelege kjønnsorgan (Konn-te)
Kovne = Når ein held på å bli kvalt. (Han heldt på å kov-ne, med trykk på ov)
Krabbetatte = Desse små blaute raude skapningane som du finn på fjørasteinene, og som eg ikkje har noko anna navn på.
Kreiste = Når du har problem med å sette ord på ting, men prøver å få det ut.(Å kreiste det uto seg)
Krekkse = Om eit ufordrageleg kvinnfolk (Krekk-se med trykk på Krekk)
Kråppe = Grave seg i nasa (Kråppe seg i naså)
Kræde = Ørret (Kræ-de)
Kvetel = Eit teppe, evt. fille (Kvet-el)
L.
Lappegro/Grolapp = Vanleg frosk (Lappe-gro, Gro-lapp)
Lekskjæring = Ei som gjekk/går frå hus til hus med sladder
Ljøde = Å vere høgrøsta (Ljø-dæ med trykk på dæ)
Ljøspære = Lyspære
Ljøte = Å vere skryten, stygg (Ljø- med trykk på tæ)
Lurendreiar = Ein som sjeldan snakkar sant, eller fær med lygn (Luren-drei-ar)
Lusehond = Tufs, tosk m.m (Lu-se-hond)
Løfserøv = Kan vere både tufs og ein som er glad i lefser (Løffse-røv)
M.
Marabakkje = Der fjorden går frå grunnt til djupt vatn (Mara-bakkj-e)
Matamål = Om ein som et litt for mykje (Han eig ikkje mata-mål)
Megge = Eit tjukt eller ufordrageleg kvinnfolk (Megg-e)
Minsanten = Sant, sannelig (Ja min-san-ten)
Mjelkesedik = Usikker, men er iallefall eit kallenavn (mjelke-sed-ik)
Monnjyte = Ei som pratar utan stans (Monn-jyte)
Mosske-dondre = Om ei som er frampå, eller veldig tjukk (Moss-ke-donn-dre, med trykk på Moss)
Mottæte = Om treverk som er fullt av mott/møll (Mott-æt-e)
N.
Nabættæ = Kronisk (Han æ heilt na-bætt-æ)
Nada-i = Nedanfor
Nasebobbe = Alt det rare du finn når du grev deg i nasa (Nase-bobb-æ)
Nasebjønn = Same som ovanfor
Nasebræde = Om kvinnfolk som legg seg opp i saker og ting (Nase-bræ-dæ)
Nasegræv = Om nysgjerrige folk (?)(Nase-græv)
Nataskal = Nøtteskall
Nautige = Voldsom ( No æ du nau-tig-e!)
Nebbelus = Om ei som pratar mykje, evt. legg seg opp i saker og ting. For mykje (Nebbe-lus)
Nedesylta = Å vere forkjøla og snårete. (Nede-syll-ta)
Nedfallssykjå = Diare (Ne-falls-sy-kjå, utan d)
Nette = Søte. Mest brukt om små ungar.(Å du, kor nett-e ho e!)
Non/Nonsmat = Ettermiddagsmat i 4-5 tida, med trykk på non
Nøder = Om små ungar (For eit lite nød-er!)
Nåv/Nåva = Hjørnet på huset. Bakom nåva 
O.
Obbstanasig = Obsternasig/Å vere frekk (Obb-sta-na-sig)
Odæsskjen = Om ein som er skjeten, lite reinsleg. (Nei no va du o-dæss-kjen!)
Offa mej  = Huff! (Off-a mej med trykk på mej)
Ofjelge/Ofjelgt = Vere plagsom, ekkel, uhyggeleg. Også kaldt.(No æ du o-fjelge, eller, her va det sjikkelle o-fjelgt!)
Oløkje = Urokråke (O-lø-kje)
Omfarsykje = Smittsom sjukdom (Influensa m.m, om-far-sy-kje)
Omkomast = Ikkje til å halde ut, f.eks når det er veldig varmt (Ej helde på å om-kom-ast!)
Ongel = Sluk, fiskekrok
Oppattetoggje = Når ein kvan gjentek seg sjølv, fleire gongar (Opp-atte-togg-je)
Otekke = Ekkel, skjeten eller dårleg/sjuk (Nei no va du O-tekk-e, eller, ej vart heilt o-tekk-e)
Otidige = Utidig, grov i språket (Nei no æ du o-tid-ige!)
Otresel = Om ein som er stirrig og sta (Å du din O-tres-el)
Ova-i = Ovanfor
P.
Piske/Pika ded = Banneord (Pis-ke ded og pi-ka ded) med trykk på ded
Pisken trejd = Også eit banneord
Pissemigemaur = Den mauren det finns millionar av i skogane våre(Pisse-mige-maur = smør på flesk:)
Pisserøyte = Ein som pissar seg ut/ pissar på seg, ofte
Pist = Same som pisselur (Pist med trykk på ist)
Pott = Munn, sagt mest til små ungar (No må du passe pott-e din)
Prette = Gjere ugagn, skøyerstreker
Påse/Stirrigepåse = Kranglefant/ein sta person (På-sæ)
Påsemikkel = Tufs, tulling
Påskekatta = Gåsungar, desse lodne skudda frå selja, som kjem rundt påsketider
R.
Rabbe = Nepe, kålrabi
Raftdallj = Utstikksbjelkar i ram(kasse). Frå byggningsbransjen.
Ramlande ded = Du store min, eller noko liknande
Raualause = Også når noko er skikkeleg gale, eller ein som gløymer ofte (Det æ so raua-laust atte!)
Raudeiste = Sinnatagg (Raud-eis-te)
Raudemakk = Om ein som er rastlaus (raude-makk)
Raudemirakels = Same som ovanfor (Raude-mira-kels)
Rauahål = Ja, det seier nok seg sjølv dette også. (Uttalast med sterk å = raua-hål)
Reipe røyte gale = Når noko er skikkeleg, skikkeleg gale
Rejdige = Skikkeleg (No vart det ein rejdige ejling)
Reke = Ei lita spade
Rektige = Riktig klok (Dei er æ'kje heilt rekk-ti-ge)
Renneskjete = Diare (Ej he renne-skje-tå)
Rese i hold = Verte skremd, frys på ryggen ( Det er so skummelt at ej rese i hold)
Rigglafinngje = Vaklevorent, ustøtt, f.eks om eit bord. (Riggla-finn-gje)
Rine = Gråte (Ka du rin-e ette?)
Rjømeringje = Rett av rjøme, men er litt usikker på kva den ellers bestod av (Rjøme-ringje)
Ronnj = Klyngje, mest brukt om tre (f.eks Hasle-ronnj)
Rosskeveir = Ruskevær, also skikkeleg dårleg vær
Ryggjatålå = Korsryggen eller ryggrada (Ryggja-tå-lå)
Ræmbe = Tylle i seg, evt. fyll (Å ræm-be i seg, eller ei sjikkeleg ræm-be)
Røne uto = Renne ut av, lekke ( Ej he oppi, men det røne u-to igjen)
S.
Saudehaud = Somlekopp, tufs m.m
Sjekkle = Om det å ikkje takle høghæla sko (Ej gjekk berre og sjekk-la)
Skabbelon = Skapning (Du æ mej litt av ein skabbe-lon)     
Skjebbe = Ei som er frekk og nasevis, men også ein fisk (Skjebb-e)
Skjethus = Om ei som  trur ho er noko (Skjet-hus)
Skjethål = Same som ovanfor (Skjet-hål)
Skjetstøvel = Tufs, idiot, dritsekk (Skjet-stø-vel)
Skjetvått = Om ein som trur han er noko (Skjet-vått)
Skjorareid = Vere uflidd på håret (Ej ser ut som eit skjora-reid på hauda!)
Skjør = Naturleg surna mjelk
Skjørblende = Kaldt omslag, brukt mot insektstikk og svie/kløe
Skrytepave = Ein som lyg/skryt på seg mykje
Skyming = Ein som held seg mykje for seg sjølv, skummel/spesiell person.
Slabbedassk = Dagdrivar (Slabbe-dassk)
Sladakje = Om ein lat person, eller dagdrivar (Sla-da-kje)
Slakje = Lang og hengslete person (Sla-kje, med trykk på kje)
Slyæ = Også om ein person som driv dank, mykje dank (Sly-æ)
Slyestellj = Gå og drive dank, evt. ikkje gjere det man vert bedt om (Ka de æ slags slye-stellj?!)
Slåp = Same som slyæ
Snipe = Om kvinnfolk som er uforskamma (Sni-pæ)
Snosske = Rote og leite i andre sine skuffer og skap (Snoss-ke)
Snårete = Lettare forkjøla (Snår-ette)
Snårkvetel = Lommeduk
Snårlesst = Tulling m.m (Snår-lesst)
Sosekopp = Ein som rotar mykje
Sosjl = Prate tull
Sotel/Søytel = Tufs, idiot m.m.
Sovl = Kost laga av bjørkegreiner
Spordag = Om ein som spør og grev mykje (Spor-dag)
Spysykjå = Vere sjuk og kaste opp (Spy-sy-kjå)
Spøkne trejd = Du store min! (Spøk-ne trejd! med trykk på spøk og trejd)
Starrlande ded = Banneord (Starr-lan-de ded)
Staurande = Også når noko er skikkeleg gale (Det æ so staur-ande gale, atte!)
Staure = Gå rundt utan mål og meining (Gå rundt og stau-re)
Staur-hyning = Idiot, tufs m.m.(Staur-hy-ning)
Steikje ded = Banneord, med trykk på ded
Storkjeiteteveir = Vere egen, stirrig evt. stå på sitt (Stor-kjeitete-veir)
Storlort = Om den eldste i gjengen, som burde vite betre.(Stor-lort)
Stroppl/Stropple-kopp = Om ein som pratar tull. Mykje tull... (Stropp-l)
Sture = Gruble, vere missmodig (stu-ræ)
Styggefær = Fare styggt åt
Styggemannje = Djevelen (Uttalast stygge-mann-je)
Stygge tid = Nok eit banneord (Å du stygge tid!)
Stynnolk = Lat og lite rørleg person.(Stynn-olk)
Styvlete = Om ein som snublar, ravar ( Å du kor Styvv-lett-e du æ)
Støræ = Om ein som er lite uthaldande evt. lite mjuk( Å vere stø-ræ)
Suregnaur/Suregrin = Om ein som er i dårleg humør (Sure-gnaur og sure-grin)
Svarte ded = Bannord, med trykk på ded (Svar-te ded)
Svartepakk = Kjeltringar (Svarte-pakk)
Svedde! = Om utålelege kvinnfolk. Stort sett brukt av kvinnfolk om kvinnfolk 
Svinehond = Dritsekk (Steik for ein svine-hond)                                
Såpekokar = Treiging, tufs m.m.(Du æ mej litt av ein såpe-ko-kar)
T.
Tapp = Veldig snilt navn på mannens kjønnsorgan
Tategnallj = ?
Tatte = Bryst 
Tausaflokkse = Jente, som oppfører seg uanstendig (Taus-a-flokk-sæ)
Ti! = Hysj!
Tobeinsokse' = Ein fæl skapning som budde i utedassen på Innselset skule. Enda etter kvart opp som tobakksokse'.
Toskehaud = Tufs, idiot m.m. (Uttalast med tjukk å =Tåsske-haud)
Trave = Å vere stirrige,evt.fant ( Å din Trave)
Trejnavar = Ein som vrir og vender på alt muleg
Trode = Stang, f.eks fiske-tro-de
Tvertred = Ein vanskeleg, vrien person (Tver-treid)
Tveråkje/Tverpeis = Same som ovanfor (Tver-å-kje og Tver-peis)
Tåteiste/Tåthomle = Om ein som pratar mykje (Tåt-eis-te og Tåt-homm-le)
U.
Ulldondre = Underbukse av ull (Olj-dondre)
Urkjær = Kråkebolle, sjøpinnsvin (Ur-kjær)
Utrønå = Den sedvanlege kalde vinden som kjem etter middag (Ut-rø-nå)
Utta-i = Utanfor(dvs. retning utover) (Du finnje mej utta-i huset)
Utysskje = Ein fæl person (U-tyss-kje)
V.
Vasekopp = Ein som pratar masse tull
Vevkjæring = Edderkopp (Vev-kjæring)
Vombafyllj = Mat (Vom-ba-fyllj)
Y.
Yvjette = Å vere klossete (Yv-jette)
Yst = Ytterst
Ø.
Ølæst = Vere artig, eller forsøkje å vere artig (Ø-Læst)
Øskjelåk = Om ein person som er forvirra, evt. full (Heilt opp i øsskje-låk)
Å.
Ålsvætte = Vere skikkelg svett (Ej va heilt ål-svætt-e, evt. ålande svætte)
Ånns = Surrete, åndsfraverande. (Ka det æ? Æ du heilt ånns?)
Åtabersle = Oppførsel (Ka det æ slags åta-ber-sle?!)
 
*******
Med god hjelp frå bl.a Odd-Rune Kragseth, Odd-Kåre Fløtre, Per Rangseter, Kurt Gjøsdal, Ingvild Hatløy, Jørund Reite og Borgny Høglo. Skulle nokon kome på fleire ord og uttrykk, so tek eg gjerne imot!:)
 
Rune
Tilbake