90talet
1.2
*****
LIVE
Secret Samadhi
Greit, dette minner mykje om REM, men er tidvis tyngre. Her får du pop perler som "Turn my head", "Gas hed goes west" i skjønn foreining med tyngre låtar som "Larkini's juice"og "Unsheathed" ala Alice In Chains.
MORPHINE
Yes
Trio som instrumentalt består av 2 strenga bass, vokal, barrytone sax(x2) og trommer, men som let noko fantastisk bra. Dette må berre opplevast. Sjekk ut "Radar", "Sharks" og "Scratch". Tøft.
SOUNDGARDEN
Badmotorfinger
Grønsjens yppersteprester. Dette er tungt, tøft og melodiøst, med høgdepunkt som "Rusty Cage"(som forøvrig Johnny Cash har gjort sin versjon av på "Unchained"!), "Outshined" og "Searching with my good eye closed". For heavyrockerar i alle aldrar!
VELVET CRUSH
Teenage Symphonies To God
Rock'n Roll ala REM, kanskje mest fordi Mitch Easter har produsert, men forøvrig utan samanligning. Kan til tider minne om Savoy . Sjekk ut "Why not your baby","Faster days" og "Weird summer". Skikkeleg driv til tider.
BRUTE
Nine High A Pallet
Dette er eit samarbeid mellom Vic Chestnut og Widespread Panic, og det fønkar absolutt bra. Med Chestnut's lidande stemme og depressive tekstar er dette definnitivt musikk for mørke regnfulle haustkveldar. Kva med "Good morning mr. hard on", "Miserable" og "Bastard in bubbles"?.
KASHMIR
The Good Life
Meget bra dansk rock'n roll band. Kan ikkje heilt plassere dei i nokon bås, men desse fortjener absolutt oppmerksomheit."Graceland", "Lampshade" og "Miss you" burde overtale alle og ein kvar. Sjekk ut!!
DINOSAUR JR
Green Mind
Amerikansk rock'n roll influert av punk og hardcore, men for øvrig uten samenligning med andre band, bortsett frå (kanskje) Janes Addiction. Ei tidlaus rock plate.
SUGAR
Copper Blue
Bob Mould, frontfiguren i 80 talets Husker Du vidarefører det som var kjennetegnet for støypoeten, hard og rufsete rock, men med eit bedre lydbilde.Tungt, men samtidig melodiøst. Ellers fortjener Bob Mould oppmerksomheit for sine solo-utgivelsar, som "Workbook" (Veldig laidback for å vere han, og meget bra!)
SCREAMING TREES
Dust
Eit av dei mindre kjente banda fra Seattle-rockens stortid, som absolutt fortjener oppmerksomheit. Kan tidvis minne om nyare band som Dandy Warhols m.m. Sterk dominans av strykere og akustisk gitar. Favorittar: "All I know", "Dying days" og "Gospel Plow". Meget bra.
JANES ADDICTION
Ritual De Lo Habitual
Denne særegne gruppa spelte rock ispedd folk/jazz/punk, og med sin spesielle stemme gjorde Perry Farrell dette til ein spesiell og artig opplevelse. Sjekk også ut cd'en "Nothing Shocking".