80talet
1.2
*****
WALL OF VOODOO
Call Of The West
Wall Of Voodoo var unike i sin stil, med hyppig bruk av rytmebokser, sirener m.m. Det var ingen andre som hadde dette soundet, so det var veldig spennande, og er ein av mine 80talsfavorittar den dag i dag. Høyr berre på bla "Call of the west","Mexican radio" og "Lost weekend". Fortjener ein ny vår.
STAN RIDGWAY
The Big Heat
"Camouflage" var meir eller mindre ei landeplage på slutten av 80 talet, men so vart han gløymd. Synd, for denne mannen fortjener absolutt meir oppmerkdomheit. Dette er første plata etter bruddet med Wall Of Voodoo, med musikalske perler på rekke og rad. "The big heat", "Salesman", og sjølvsagt "Camouflage". Sjekk også ut cd'ane "Mosquitos", og sist men ikkje minst "Holiday In Dirt",ei samling med tidlegare uutgitte låtar(2001). Veldig bra!
LONE JUSTICE
Lone Justice
Maria McKee var ei av dei store, nye stemmene dette tiåret. Fekk nesten frysningar første gongen eg høyrde henne. Fullt på høgde med artistar som Emmylou Harris og Nanci Griffith. Dette er køntrirock i same bane som Long Ryders m.fl. Sjekk ut "Ways to be wicked", "Don't toss us away" og "Soap, soup and salvation". Usigeleg vakkert.
DEAD KENNEDYS
Fresh Fruit And Rotting Vegetables
Amerikansk punkband med Jello Biafra i spissen var tydeleg inspirert av Sex Pistols. Vokalmessig er det heller ikkje so ulikt, men er slett ikkje noko plagiat. Sjekk ut "California uber alles", "Holiday in Cambodia" og "Viva Las Vegas".
THE DEL FUEGOS
The Best Of
Dette er eit album eg har venta på lenge. Merkeleg at det skal gå nesten 15 år før ei av dei store gruppene på 80 talet kjem på cd i Norge. Brødrene Dan og Warren Zanes stod i spissen for denne gruppa. Dette er rootsrock ala BoDeans, og med 21 meget bra låter, deriblant "Backseat nothing", "Missing you" og "Night on the town" er dette nok eit viktig rock-dokument.
PETER CASE
Peter Case
Amerikansk singer/songwriter, med sterke aner til irsk folkemusikk og legender som Woodie Guthrie, Ry Cooder og T Bone Burnett. Sistnevnte har forøvrig produsert denne. Tekstene kan til tider vere noko vanskeleg å tolke. Sjekk ut "Pair of blue eyes", "Steel strings" og "Old blue car". Få også med deg cd'en "The Man With The Blue-Post Modern Fragmented Neo-Traditionalist Guitar". Vakkert.
THE POGUES
If I Should Fall From Grace With God
Britisk folk-rock gruppe med Shane McGowan i spissen. Mannen med den styggaste tanngarden i rockhistoria. Produsert av 80talets store engelske produsent Steve Lillywhite (U2, Simple Minds m.fl). Her kan du kome i julestemning med "Fairytale of New York", med Kirsty McColl som gjesteartist. Øvrige blinkskudd er "If I should Fall from grace with God" og "Birmingham six". Stor plate!
THE CALL
The Walls Came Down
The Call fekk sitt gjennombrudd i 1983 med "The walls came down" frå lp'en "Modern Romans".Dette er "tung" pop/rock, forsterka av Michael Been's store stemme. Ei av dei store gruppene på 80 talet. Sjekk også ut "Turn a blind eye" og "Scene beyond dreams". Ei nødvendig plate med det beste frå The Call for oss som var "frika" på 80 talet!!
THE dB'S
Stands For Decibels
Då eg høyrde åpningssporet på denne plata, trudde eg det var ei kloning av R.E.O Speedwagon eg hadde kjøpt, men kunne raskt og med stor lettelse konstatere at det slett ikkje var tilfelle. Dette kan faktisk minne litt om Beatles, frå deira psykedeliske periode. Ta foreksempel "Dynamite" og "She's not worried". Dette er enkelt og greit ei veldig bra plate, men kan ikkje finne ut om den er utgitt på cd.
THE BEAT FARMERS
Tales Of The New West
Roots-rock/Country-rock band frå Los Angeles fronta av to vokalistar, Jerry Raney og Country Dick Montana. Kan linkast til grupper som BoDeans, Long Ryders m.fl. Her er mykje ironi og moro, noko Country Dick står for med si djupe stemme på songar som "Happy boy" og "California kid". Ellers tek dei for seg låtar av Bruce Springsteen og Lou Reed. Veldig nødvendig!!
JASON AND THE SCORCHERS
Essential, Vol 1 (Are You Ready For The Country)
Då eg kjøpte original-utgivelsen av "Fervor" med Jason And The Nashville Scorchers, som dei kalla seg då, fekk eg møte dei tøffaste gutane i country klassa. Dette var country-rock slik det aldri hadde vore framført før. Med ei stemme som stadig låg på bristepunktet ga Jason Ringenberg deg frysningar med songar som " Help there's a fire" og "Pray for me mama (I'm a gypsy now)". Seinare kom dei med Dylan-coveren "Absolutely sweet Marie", som vart deira gjennombrudd. Plata vart seinare reutgitt i betre produksjon. Dette er ei samling av nettopp "Fervor" og andre lp'en "Lost And Found". Har sjølv hatt problemer med å få tak i denne, men ho skal finnast, der ute ein stad. Er det nokon som har den, og gjerne vil verte kvitt den, so kjøper eg!! (For ein billeg peng:)
LLOYD COLE AND THE COMMOTIONS
Rattlesnakes
"Perfect skin" var ein stor hit på midten av 80 talet, og med "Rattlesnakes" ga Lloyd Cole ut eit av 80 talets flottaste popalbum.Har ikkje so mykje meir å legge til, bortsett frå at de absolutt bør sjekke ut denne. Anbefalt lytting: "Perfect skin", "Four flights up" og "Rattlesnakes"
GREEN RIVER
Dry As A Bone/Rehab Doll
Dette albumet kom i 1990, men er ei samling av det dei gjorde frå 86-88.Dette er enkelt og greit tidleg grønsj (Garasjerock anno 80talet). Medlemmane av dette bandet skulle seinare starte henholdsvis Mudhoney og Mother Love Bone/Pearl Jam. Er nok eit album for dei spesiellt interesserte dette, men er til tider tøft nok, med bl.a ein bra versjon av Bowie's "Queen bitch".
TOM PETTY AND THE HEARTBREAKERS
Southern Accents
Tok sin tid før eg eigentleg likte dette albumet, men har etter kvart kome fram til at det held i lange baner.Vart litt for pop for ein utfrika smårockar, so det hamna bakerst i bunken.Er ikkje mange åra sidan eg begynte å lytte til den, men har etter kvart vorte meir og meir glad i den. Med perler som "Don't come around here no more", "Southern accents" og "Dogs on the run", er ho hermed anbefalt.
**********
Her er to viktige rock-dokument frå 80 talet som merkeleg nok ikkje er utgitt på cd, men som kanskje er å finne i bruktsjapper rundt omkring. Ellers er det muleg å få tak i diverse lp'er i LpNow
GREEN ON RED
Gravity Talks
Debut albumet, som dei fleste kritikarar var veldig begeistra over. Musikalsk ligg det i same gate som Dream Syndicate, men utan samligning forøvrig.Dan Stuarts stemme gir meg asossiasjonar om Gram Parsons, sårt og vakkert. Klassiker!!!!!
THE SCREAMING BLUE MESSIAHS
Bikini Red
Engelsk trio, som etter det eg veit ga ut 2 Lp'er og ein Ep. Dette er tung melodiøs poprock, med vokalmessige aner til Sex Pistol's Johnny Rotten. Dette er tøft, og ikkje minst veldig bra. Sjekk ut "Bikini red", "I can speak american" og "I wanna be a Flintstone". Ep'en "Good And Gone" er også verdt oppmerksomheit . Rockdokumentar!